søndag 27. november 2011

Messe i dag

...Og her er det eg har å tilby i dag....













torsdag 24. november 2011

Førebuing til julemesse

Ein etterlengta fridag i dag. Føremiddagen har eg brukt på å sortere og prise varene eg skal selje på julemesse på søndag. Det meste er laga i år, men nokre få ting er igjen frå tidlegare år. Eg håpar verkeleg nokon vil kjøpe av meg, elles brenn eg inne med mykje rart...





onsdag 23. november 2011

To par tøfler ferdige

For tida er det ferdigstilling av påbegynte prosjekt som står på planen.

Og endeleg har eg manna meg opp til å sy skinnsålar på desse tøflene som har vore ferdige ei stund. Dei svarte sålane har eg kjøpt frå Hillesvåg fabrikker. Sidan eg ikkje har somla meg til å bestille fleire, kjøpte eg dei andre på butikk her, veit ikkje heilt korleis dei fungerer, men det får duge denne gongen.



Begge para er herrestørrelse, men dei tova veldig godt, så dei vart ein liten herrestr.

Garnet er Cortina soft frå Spar Kjøp. Oppskrifta fann eg på ei eller anna nettside for eit par år sidan. (Hugsar ikkje kor).







søndag 20. november 2011

Meir til messe

Nokre huer...


Fleire siklesmekker...



Ei monsterbukse...


...og fire veldig mjuke halsar.


Ha ein fin kveld!




lørdag 12. november 2011

Siklesmekker

Små skjerf til små troll, har sydd nokre til messe. Har klipt opp endå fleire, men noko tull med maskina gjer at eg ikkje får sydd dei no. Må forske litt meir på treing av overlock, ja.








mandag 7. november 2011

Dilla på klemmepungar...

Etter at eg lærte meg å sy slike pungar har eg kun sydd slike. Håpar det er salgbar messevare, elles brenn eg inne med ein del...


Til dei fyrste pungane brukte eg klemmelåsar kjøpt på "vanleg sybutikk", dei kosta over 80 kr for to sett. Etter ei rask nettrunde fann eg dei til 19 kr stykket her, så då bestilte eg eit hiv. Bestilte på torsdag, og i dag låg det 30 klemmelåsar i postkassa mi. Rask levering!

torsdag 3. november 2011

Klemmepungar


I går var eg på klubbkveld i Lappe- og quillteklubben her. Der lærte vi å lage klemmepungar. Det var veldig moro, enkelt og greit arbeid, og så blir jo desse pungane veldig fine.

I gårkveld laga eg altså min fyrste, og i dag måtte eg berre prøve nokre fleire stoffkombinasjonar.





Skal ikkje sjå vekk i frå at det blir nokre slike i julegåver i år...