torsdag 27. mai 2010

Retro...?

I dag fekk eg brått trang til å rydde og kaste i vaskerommet mitt. Mykje skrot, gamle kle og diverse blei stappa i svarte sekkar og skal vekk frå vårt hus. Men ein ting som både er gammal og delvis øydelagd, skal ikkje kastast, uansett. Denne har vore med på diverse flyttelass, og har overlevd mange ryddesjauer. Tippar den er frå tidleg/midten av 70-talet.

Denne stolen er etterkvart ein av dei få tinga eg har att frå barndommen min, og eit godt minne.


Flott mønster.


Har du ting frå barndomen som du tek vare på?

Familiebilder

Forrige helg var vi i konfirmasjon, og kameraet vart flittig brukt. Ikkje på langt nær alt som var noko å ta vare på, men her kjem nokre bilder av min familie...


Mine to eldste born, sjukepleiarstudenten og nesten-fjortisen.



6. klassingen...

...og klatremusene


Her er heile gjengen samla på eit bilde, og det er ikkje kvart år det skjer. Ikkje akkurat eit super-blinkskot, men vi er no der.

lørdag 22. mai 2010

Rosa vest

Etter at det har gått litt trått med strikkinga i det siste, måtte eg ha noko som gjekk raskt og blei fort ferdig denne gongen. Så då blei det ein slik vest som eg har laga ein del av før. Brukte berre to kveldar på denne, så det er greit strikk.

Garnet er gullgarn frå Sparkjøp, pinne nr 7. Mønsteret er nr 10 i Sandnes mix, barn 0809. Størrelse 6 år, men den er veldig liten i størrelsen. Denne vesten vert lagt i gåve/messekassa.



torsdag 20. mai 2010

Labbar og hyttetur

Sidan eg har ein fridag i veka, byr det seg av og til mogelegheiter for ein liten hyttetur midt i veka. Denne gongen reiste eg heilt åleine. Planen var å slappe av, fiske og vaske litt i hytta.

Dette sokkeparet vart ferdig i går kveld. Garnet er Jarbo Mellanraggi, pinne nr 3. Eit nøste (100g) var nok til eit par.


I dag tidleg var det solskin og stilt, så då måtte eg ha meg ein tur for å prøve fisket. Men Traudalsfisken er ikkje lett å lure, så i dag vart det ikkje noko. Men likevel ei flott naturoppleving. Desse bilda tok eg med mobilen.







tirsdag 18. mai 2010

17.mai-antrekket til småjentene mine


Då var Mariustunikaene tekne i bruk. Så kjøleg som det var i går var det greit med noko som varma litt.

søndag 16. mai 2010

Endå ein Mariustunika

Då har eg endeleg fullført årets femte Marius-prosjekt, Så no vert det Mariuspause herifrå. Denne gongen var det tunika nr 2 til tvillingane, samme garn, størrelse og mønster som eg blogga her for ei stund sidan. Den gongen ville dei ikkje ha grå tunika, men dette har heldigvis snudd seg, så no har dei fått kvar sin.

Sidan bunadane var veldig knappe sist dei brukte dei, spørs det om dette vert 17.-mai antrekket. Vi får sjå.





Tur rundt Traudalsvatnet

Sidan småjentene mine på 4 år og faren deira har planlagt lang/bratt fjelltur i sommar, trengs det trening. Sidan vi har hatt nokre dagar fri no, har vi lege på hytta. Fredag var veiret bra, og vi la i veg rundt Traudalsvatnet.

Før turen måtte vi pakke litt godsaker med oss. Her lagar vi vaffelrøre.













Vafler steikte på bål.







Hytta i sikte - no er det ikkje så langt igjen.

Ein rekonstruksjon av renna som vart brukt til å frakte ved frå Traudalen og ned til fjorden under krigen.



For å spare oss for litt gåing på slutten, hadde far i huset lagt kanoen på rett side av vatnet, slik at vi kunne padle over til "vår" side.

Jentene var flinke å gå, men på slutten var det naturleg nok litt travelt. Vi slo iallefal i hel mange timar ute i flotte omgjevnader.

Takk for turen, Nora og Kristina!

lørdag 1. mai 2010

Båtsmørjing i Traudalen

I dag 1. mai opnar fiskesesongen i Traudalen. Då burde vi eigentleg vere klar med båten, men i år er vi litt forsinka. Båten treng eit strøk eller to med båtolje før han vert sett på vatnet, og i dag var det tid for å gjere det.

Nora skal til naustet for å smørje båt.










Kanoen som vi kjøpte i fjor måtte òg prøvast ein liten tur.


Litt fiske frå land, men inga fiskelukke i dag.


Hanna likar godt å padle litt.


Froskeegg er artige.


Neste helg håpar vi å få ei heil helg på hytta, då satsar eg på litt vårreingjering og testing av grillen. Veiret kan godt bli heitare, så kan det hende fisken bit òg. Gledar meg allereide.