lørdag 31. august 2013

Oppdatert Epla-butikk

Då er eg endeleg i mål med å legge inn varer i epla-butikken min. Så no er alt eg har "på lager" å finne her. Velkomne innom!



onsdag 28. august 2013

Hekla hue

Ei hekla hue i bursdagsgåve til svigerinna mi. Hekla i Puma, mjuk og god.


Ops...her hamna visst biletet på skeiva, men eg får ikkje til å ordne det...Sånn går det når eg eksperimenterer med mobilblogging. 

torsdag 22. august 2013

Epla-butikken er oppdatert

Etter Sandanedagane vart det behov for ein grundig gjennomgang av Epla-butikken min. Ein del varer var vekke, og noko nytt er kome til. Tinga på biletet nedanfor er lagt inn i butikken i dag, og i løpet av nokre dagar kjem det meir. Har m.a ein del nye bodyar og huer som skal leggast inn. Så følg med om du er interessert!

Butikken finn de her. 


lørdag 17. august 2013

lørdag 10. august 2013

Hjortestoff


For nokre dagar sidan dumpa det ned nokre meter hjortestoff i postkassa mi. Pakken kom frå Textart. I går og i dag har dette blitt til 6 bodyar i 6 ulike størrelsar,  og ei t-skjorte. Eg har framleis litt igjen, og planlegg huer, halsar og panneband av det, og muligens nokre siklesmekker om det blir noko igjen. Dette stoffet likte eg veldig godt, og no når hjortejakta nærmar seg, bør det  no slå an. 


Hjortane og kantebanda er brune. Knappar frå Lykkedragen. 


T-skjorter med hjortar i str 6 år, T-skjorte med bondegardsmotiv i str 4 år. 





torsdag 8. august 2013

Diverse til marknad

No er det berre ei veke igjen til Sandanedagane, og då skal vi ha stand. "Vi" er Maren Lovise og eg, så det blir forhåpentlegvis ei variert bod, med hekla, strikka og sydde ting. 

For tida syr eg så mykje eg får tid til, og prøver å bruke opp ein del av stoff eg har hatt liggande ei stund. 
Her vart det nokre fargerike, lause ledige bukser til småbarn. Litt ulike storleikar frå 1-2 år og opp til ca 4 år.  


Dette stoffet har eg hatt fleire meter av, både raudt og marineblått. Hadde opprinneleg ein plan med stoffet, men fann ut at det ikkje eigna seg likevel. Når eg for nokre dagar sidan kom over eit mønster/saumbeskrivelse på eit forkle, fekk eg lyst til å prøve dette. Sidan eg hadde mykje stoff vart det òg mange forkle, heile 15 stk.  Dei er i to ulike storleikar, der den største passar til mine 7-åringar. Det er strikk i "halsreima", og borrelås på bandet som er rundt livet. 
Ideen fann eg her. 


Det vert som oftast sydd av strech-stoff for tida, men skuffene mine inneheld ein del stumme stoff òg. For å få brukt opp litt restar, har eg sydd desse singoallakjolane i str 2, 2 og 7 år. Mønster frå boka "Barn igjen". 


lørdag 3. august 2013

Litt forskjellig

Fyrst kan eg vise fram denne space invader- hua som eg endeleg har somla meg til å sy lapp i. 

I dag har eg prøvd å få bruke litt av stofflageret frå skuffene mine. Stumme stoff brukar eg lite av for tida, men greitt å få litt ut av skuffene iblant. 

Denne buksa er med soppmotiv i vevd bomull, med ribb i livet og nederst på beina. Mønsteret har eg teikna sjølv, det er ei enkel bukse utan sidesaum. Difor heller ingen lommar. Størrelsen er ca 1-2 år.


To stk sukkersøte singoallakjolar, str 4 og 6 år. Mønster frå boka " barn igjen".


Eg bloggar frå IPad, difor noko grumsete bilete. Men mindre styr enn å dra fram kameraet og PCen.