tirsdag 25. juni 2013

2 t-skjorter

Då har eg endeleg fått sydd litt igjen. Sist veke sydde eg nokre enkle panneband som eg diverre ikkje har fått teke bilde av. Og i dag fekk eg laga desse to t-skjortene i str 104 og 122. Greitt å få bruke nokre smårestar på armane. Elles er det brun jersey som er utruleg mjuk og god, trur den er kjøpt hos tidlegare Tiljamiid sin nettbutikk 



(Hm... eg ser at dette bildet ikkje var optimalt, men i dag måtte eg bruke nr 2.-kameraet mitt...)

Satsar på å ha salsbod på Sandane-dagane i år òg, så det gjeld å få laga opp litt no. Eg får satse på litt syarbeid i ferien, berre få dagar att no. 

lørdag 15. juni 2013

Lang pause

Dette året har eg hatt lite tid og inspirasjon til å sysle med hobbyaktivitet. Mykje på jobb, konfirmasjon og at eg har prioritert andre ting har gjort at bloggen har lege meir eller mindre i dvale siste halvåret.

Med to veker til ferie, og ny jobb i sikte etterpå, satsar eg på at hobbyinteressa kjem snikande igjen. Innimellom har eg no hatt nokre prosjekt på gong, mellom anna bestemorteppe. Det blir nokre lappar innimellom, og sist eg talde var eg komt opp i over 70 stk. Men lappane er små, så her må mange fleire til.

For ei god stund sidan fekk eg bestilling på 15 siklesmekker med plastbelegg inni. At kunden seier det ikkje hastar er ikkje særleg bra, då blir det stadig litt utsetjing. Men i dag tidleg rydda eg sybordet, og fann ut at no måtte dette gjerast ferdig. Og etter ein god time var det gjort, så no ligg dei pakka og klare.

Det er helg, og etter ei føremiddagsøkt med husarbeid går turen til hytta. Gledar meg! God helg!