mandag 30. april 2012

Messe overstått

 Då har eg vore på messe med tinga mine. Eg hadde med mykje, og kom heimatt med litt mindre. Eg fekk selt ein del, men det var ikkje allverden med folk der, så ein kunne kanskje ikkje forvente meir. 


No er eg i gong med å oppdatere Epla-butikken min som har vore stengt i helga. Eg har teke vekk det eg har selt, og lagt til ein del nye varer, og meir kjem dei neste dagane. Blant anna er der panneband, siklesmekker og ein del nye huer. Etterkvart kjem det meir huer, bodyar, knytebukser,  posar, brødkorger og strikkepinneetui, + eit par strikka ting.  Følg med!

Ha ein fin kveld!

fredag 27. april 2012

Siste sydag før messe

I dag har eg hatt fri, og dagen har blitt brukt til messeførebuingar. Eg hadde så mykje eg hadde lyst til å lage før laurdag, og dette var det eg rakk i dag; 2 t-skjorter, 4 bodyar, 8 huer og 15 siklesmekker. Fekk brukt opp litt smårestar, m.a. til smekker. 


Eg hadde prisa og pakka mykje på førehand, så no er det meste klart. 


Det har blitt ein del prislappar og feste på... Eg har brukt visittkort frå Vistaprint som prislappar, litt store men det gjer ikkje noko.


Så då får vi krysse fingrane for at det går bra i helga :-)




onsdag 18. april 2012

Klemmepungar

Nokre fleire klemmepungar til messe.

tirsdag 17. april 2012

Hekla hue

Innimellom er det kjekt med eit enkelt lite handarbeid som ikkje krev så mykje tenking, f.eks når ein er på møte eller i selskap. På eit par slike økter vart denne hua i til, hekla i alpakka frå Sandnes på pinne nr 3,5. Pynta med ein enkel blomst.

mandag 16. april 2012

Legopose

Då har vesle nevøen vår fått seg legopose til bursdagen sin.
Posen er ein sirkel som kan snurpast saman til ein pose. Når den er utbretta er den fin å sitje på å leike med legoen, og om legoen held seg oppå teppet er det kjapt å rydde.

Ytterstoff frå Ikea, innerstoff (koksgrått bomullstoff som ikkje viser på bilda) frå den lokale sybutikken. Framgangsmåten har eg funne her.

torsdag 12. april 2012

Lenge sidan sist..


Då er det ei stund sidan sist blogginlegg, så no får det bli eit oppsamlingsinnlegg.
Det blir for tida litt masseproduksjon av småting til Bygdenæringsdagane i Stardalen, der eg dristar meg til å ha ein stand.


Nokre fleire klemmepungar i friske fargar og motiv

Siklesmekker...
Eit hiv med nye huer...
Og nokre bukser til bodyar eg har sydd før. Tenkte eg skulle selge desse som sett.
Og så har eg strikka litt igjen...

Dette er nonstoptrøya - med mønster frå Ravelry. Strikka med tjukkare pinnar og garn enn oppskrifta seier, så den er lun og god. (Jade - pinne nr 4)
Eg vart ferdeig med denne på eit møte i går, og alle trudde det var ein kjole, sikkert pga den var så lang og smal. Men den er veldig elastisk, så den er heilt fin som trøye til ein 3-5 åring. Fin t.d som vest utanpå ei ulltrøye eller pologensar.
Her er eit eksemplar til, denne er større. Ca str 7-10 år.
Strikka i mjukt Alpakkagarn frå Sandnes, pinne nr 4.
Alt dette er for salg, men eg legg det ikkje ut på Epla-butikken min før etter messa, når eg ser kva som vert selt der. Om det er nokon som ynskjer seg noko av dette, er det berre å seie frå.