torsdag 21. april 2011

God påske!

Då er påskeferien godt i gang for min del. Dei fyrste dagane har gått med til putling her heime, prøve å få det til å sjå greit ut ute no når våren er komen. Ungane har kosa seg ute i fineveiret, enkelte dagar har dei knapt vore inne.




Som handarbeid har eg blant anna fått til desse Bluberry waffles-sokkane, i Sterk frå Du store alpakka. Deilig mjukt garn å strikke med, og deilig mjuke sokkar. Får håpe dei held seg fine etter litt bruk òg. Skikkeleg vanskeleg å få gjengitt den verkelege fargen på bilde, dette vart eigentleg ikkje bra i det heile tatt, fargen er eigentleg mykje finare enn på bildet.




I lag med den eldste og dei yngste døtrene mine har vi laga litt påskepynt. Måla på utblåste egg og hengt dei opp i nokre kvistar. Bjørkelauvet sprett no, både inne og ute.



Eit av egga som vart måla.



Dei siste dagane i påska har vi lyst å tilbringe på hytta, så vi reiser opp der i dag. Skal bli deilig å komme i Traudalen igjen etter eit halvårs pause.


God påske!



søndag 17. april 2011

Framgang på teppe og labbar

Litt dårleg med ferdigstilte prosjekt her for tida, så det er blitt lite blogging. Her er noko av det eg styrar med innimellom, nemleg restegarnsteppet mitt. Det går litt i "rykk og napp", men no har eg rundt 70 lappar. Er over halvveis, planen min var 120...


Har no fått til eit sokkepar òg, strikka i Jarbo raggi. Mjuke og gode.

No har eg teke påskeferie, og håpar på mykje hobbytid. Forhåpentlegvis kjem vi oss på hytta, håpar på lange late dagar der med familien...


Ha ein fin søndag!

søndag 3. april 2011

Dilla på Nøstebarn-oppskrifter???

Den siste tida har det gått mykje i Nøstebarn-strikk.

No i veka vart eg ferdig med denne rullegensaren, strikka etter gratisoppskrift frå Nøstebarn. Den er til niesa vår som nylig har fylt tre år. Eg strikka i 6-årsstørrelse, men den vart nok litt stor. Jenta får heller ha litt å vekse i. Litt forskjellige merkelappar vart sydde på òg...



lørdag 2. april 2011

Panneband


Tre nye panneband til vårsesongen.

Håpar no at vinteren er over, og vi kan gå over til litt lettare hovudplagg.

Desse er strikka i dobbel babyull/senjagarn. Legg opp ca 76 masker og strikk 2 rett og 2 vrang så langt ein vil ha det. Jentene fekk sjølve velge merker som skulle syast på.