I dette tilfellet trur eg det ja. Var litt rundt i butikkar i går, jentene er i ferd med å vekse ut av/slite ut ullkleda sine. Ei ulltrøye kostar glatt 300 kroner, og for oss som er så heldige å ha nokre barn, vert det litt utlegg når alle skal ha nytt.
Eg har ei stund hatt liggande ein snau meter med deilig merinoulltrikot frå
Myllymuksut, og ei lita tilhøyrande stripe ullinterlock einsfarga raud. Av dette har eg i dag sydd to trøyer i ca 6-års størrelse. Når eg handlar frå denne nettbutikken, held eg meg alltid under 200-kroners grensa, så piggsvinstoffet kosta i underkant av 200, og interlocken bestillte eg i lag med noko anna, så eg tippar ca ein 50-lapp.
Så 2 ulltrøyer for 250 kr, då svarar det seg vel? (Med i rekneskapet er dog ikkje frakt, tråd, nåler, timelønn og ikkje minst dei to ulike maskinene eg brukte for å få dette til....) Nesten så eg må skaffe meir av dette stoffet, for dette var eg ganske fornøgd med :-)
To storfornøgde jenter med kløfrie ulltrøyer - denne ulla verkar veldig mjuk og god, håpar verkeleg den held seg like fin ei god stund.
Tannfeen har forresten hatt ei travel tid her i det siste, og meir blir det vel.