Viser innlegg med etiketten Sitjeunderlag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sitjeunderlag. Vis alle innlegg

torsdag 4. oktober 2012

Fleire sitjeunderlag

Då har eg fått hekla nokre fleire sitjeunderlag, i tillegg til at det fyrste eg laga fekk seg ei runde til i maskina. Har fått brukt opp mange nøste med Cortina Soft, så no har eg nesten berre enkle nøste igjen, får sjå om eg klarar å få noko fint ut av det. 


Størrelsen er ca 36 x ca 50 cm. Blir til sals for ca 200 kr. 
Dyrt? Garnkostnaden er iallefall over 70 kr pr underlag, så har eg gjerne hekla på det eit par-tre kveldar i tillegg til festing av endar og samansying. Så nei, 200 kr er ikkje dyrt, kanskje eg tilogmed tek litt meir :-) Får sjå kva eg bestemmer meg for. 



Fargerike saker til å setje rompa på. 

mandag 17. september 2012

Tova sitjeunderlag

Eg har i lengre tid hatt dette prosjektet i hovudet - tova sitjeunderlag av bestemorruter. Eg var litt spent på korleis "hola" i rutene ville bli etter toving, men det kan sjå ut som om prosjektet vert brukandes. 
Garnet er Cortina soft - heklekrok nr 8. Tova på 60 grader. Underlaget vart ganske stort også etter toving, ca 40x60 cm. Kanskje det hadde vore nok med 4 ruter?


Ein kjekk og kjapp måte å redusere garnlageret på, det gjekk litt meir enn to buntar av kvar farge. 

søndag 4. september 2011

Labbar og sitjeunderlag

For tida er eg inne i ein periode då eg likar best kjappe enkle prosjekt. Slik som desse to tova sitjeunderlagar. På det smalstripete fekk eg brukt opp 5 single nøster med Cortina, fint å få vekk litt smårestar. Det breistripete er av Cortina Soft, eg turde ikkje å blande dei to garntypane, det har eg gjort før med dårleg resultat...






Oppskrifta: 80 masker - 5 nøste - pinne nr 7. Handtak over dei 20 midterste maskene når det nærmar seg slutten.





Og endeleg vart desse labbane ferdige - eg var komen til hæl nr 2, og så har dei blitt liggande i heile sommar. Strikka i Jarbo Raggi - pinne nr 4 1/2.


mandag 15. august 2011

Ferien er over...

...og kvardagen er i gong igjen. Vi har vore på to campingturar til Trøndelag og Sverige, vore heime og vaska kle, på hytta og fiska og gått turar der, og småjentene og far har samla poeng til fjelltrimmen. 4 late, deilige veker.


Litt hobbies er det òg blitt tid til, sjølv om det kanskje ikkje har vore 1. prioritet. På camping vert det gjerne litt strikketid, og då passar det med enkel strikk der ein ikkje treng å tenkje allverden mykje. Som desse klutane:


Dei heiter "Husmor Marias kopptue", og oppskrifta finn du her.
På bilturen til og frå Sverige heldt eg på med desse sitjeunderlaga.
80 masker, 5 nøster Cortina.


Desse er tova ein gong på vanlig 40 graders program. Vurderer om eg skal gje dei ein omgang til, kunne tenkt meg å hatt dei litt mindre og litt fastare i fisken, men er redd for at det blir for mykje. Skal tru kor store slike eigentleg skal vere?





tirsdag 13. april 2010

Gåve til ein kollega

Ein kollega av meg fyller 60 år i dag, og i påska har eg laga gåve til henne. Ho fekk eit par med Selbuvottar og eit tova sitjeunderlag.


Sitjeunderlaget er strikka i Mor Aase, la opp 60 masker med dobbel tråd på pinne nr 10, strikka opp 5 nøste. Tova fleire gongar i maskin, til det fekk høveleg størrelse.


Mønsteret til vottane er henta frå heftet Selbustrikk, utgjeve av Rauma ullvarefabrikk. Vottane er strikka i Rauma finullgarn på pinne nr 2.