torsdag 23. august 2012

Straks klar

Vil du sjå ting eg har laga? Kom gjerne innom boda vår på Sandane-dagane, vi startar opp i morgon tidleg når vi er klare.  

Dei siste dagane har eg sortert og pakka tinga eg skal ha med meg, så no gjeld det å få utstillinga til å sjå fin ut. Eg vil jo gjerne selge litt, kan ikkje ha slikt lager her i det vesle huset vårt :-)

Her er stativet med bodyar i litt ulike størrelsar, og så har det vist sneke seg med nokre forklekjolar òg. Eg har i tillegg nokre bukser, mange huer, sikleskjerf, panneband, smokkesnorer m.m. som eg har sydd. I tillegg nokre strikka ting, selbuvottar, klutar, tova tøfler m.m. Dette blir spennandes!



onsdag 8. august 2012

Huer, panneband og smekker

Dei siste dagane har eg laga ein del huer, panneband og siklesmekker for salg. Greit med litt småting som folk kan kjøpe på impuls på messer og slikt. 

Dei lilla og blå blomstrete stoffa er frå Gekko, det svarte frå Stoff og stil. 



Her har eg òg brukt nokre monstertruck-restar frå Sydilla. Trykknappar frå Lykkedragen. 



lørdag 4. august 2012

Legoposar i lange baner

No når det nærmar seg messesalg/Sandanedagane, må eg prøve å finne på noko salgbart. Så då håpar eg desse legoposane slår an. Friske fargar på stoff frå IKEA på yttersida, og einsfarga bomull på innsida. Når ein brettar den ut, vert det eit sirkelforma teppe som ungane kan ha legoen sin på, og når ein er ferdig er det berre å snurpe den igjen som ein pose. Passar nok også fint til smådukker og andre småleikar. 




Dette er stort sett det eg har sydd i ferien, det har vore mykje anna å gjere på. Kjøkenet vårt er omtrent ferdig, vi ventar berre på ei verandadør og nokre veggplater. Elles har vi hatt nokre småturar her i området, og eit par dagar i Bergen. Deilig ferie, sjølv om det har vore ein del jobb her heime. Men måndag er det kvardag igjen - skal bli kjekt det òg.