onsdag 20. februar 2013

Stryn treskifestival

Ja ja. Då har eg sagt ja til å vere med på dette. 

Trur eg held meg unna treskia, og heller prøvar å få solgt nokre huer eller anna småtteri i marknadsteltet deira. Skal vere der laurdag frå kl 12 til 16. Velkomne innom, for dei som måtte vere i Stryn den dagen :-)

Meir om arrangementet her.



tirsdag 19. februar 2013

Oppsamlingsinnlegg

No har det jammen gått lang tid sidan sist innlegg. Det har vore hektiske tider på jobb, men no har eg teke eit par dagar vinterferie, sidan ungane er heime. 

Har blitt ganske lite handarbeid i det siste, men om eg samlar opp det eg har laga den siste måndaden blir det no litt å vise fram. 

To ullbodyar i Mylly-ull, str 92 og 62. Mønster frå Heilt spesiell. 




To bodyar i stoff frå Gekko. 



18 huer i diverse stoff. Alle er i str 48-50, den størrelsen eg sel mest av. Skal på ein liten marknad på laurdag, så då gjeld det å ha litt huer på lager. 


Bukser i babycord frå Stoff og Stil. Str 2, 4 og 6 år. 



Og tre bukser til i samme størrelsar og samme stoff, men i ein annan farge. 




To strikka huer i garnet Freestyle. Den fyrste er frå mønsterheftet 96 masker frå Arne og Carlos, den andre er restane + eit nøste sennepsgult. 



*****