onsdag 28. november 2012

Meir nøstebarn-vottar

Har fått litt dilla på å lage desse vottane. Passeleg enkelt småprosjekt for kveldsøkta framfor fjernsynet. Vottane blir strikka fram og tilbake på to pinnar, og sydde saman i sidene. Slit framleis litt med å få sidesaumen fin, men dei varmar vel like godt sjølv om den saumen ikkje er så vakker...


Dette paret er str 3-5 år, men ei av mine 6-årinagar prøvde dei, og dei var passeleg til henne, så dei er kanskje litt store i størrelsen. Garn frå Askeladen/nøstebarn, dobbel 2-tråds. 




mandag 26. november 2012

Helgas produksjon - påfyll til messe

I helga blei det ein del produksjon, måtte fylle på med varer som har selt bra på messer tidlegare. 


Halsar, mange monstertruckar, men også nokre med stjerner. Fleece- og ullfòr. 


28 nye huer, mest i monstertruck-stoff...


...og 12 slike posar.  


I tillegg har eg fått laga eit til par med rillestrikka nøstebarn-vottar. str 1-2 år. 


Alt dette vert til sals på julemessa i Runnevang, søndag 2. desember kl 15-18. 

lørdag 24. november 2012

Strikkepinneetui

Siste dagane har eg sydd litt på desse to strikkepinneetuia innimellom alt anna som har foregått. Sybeskrivelse frå Pickles.no
Stoff frå IKEA, knappar frå KAM/Lykkedragen.




fredag 23. november 2012

Nøstebarn-vottar

Eit par til med småbarnsvottar strikka etter oppskrift frå Nøstebarn, og med garn frå Nøstebarn. Desse er i str 1-2 år. Kjekt småstrikk der ein kan få brukt opp litt smårestar. Og så trur eg desse kan vere gode for små barn, sidan dei ikkje er så store som enkelte vottar ein kan få kjøpt til dei små. 



*****

onsdag 21. november 2012

Epla-butikken min

...er for tida feriestengd. Det skuldast at eg sist helg hadde med meg sakene mine og selde ein del av dei. Så butikken må oppdaterast, og det er ikkje blitt gjort endå. Det er godt mulig det ikkje skjer før etter 2. desember etter at eg har vore på messe igjen. 

Om det er noko du lurer på eller ynskjer å kjøpe, må de berre ta kontakt, eg har mykje rart liggande på lageret mitt :-)

Elles kan eg berre oppmode om å kome i Runnevang, samfunnshuset på Rygg i Gloppen, søndag 2. desember. Der vert det store mogelegheiter til å kome på god veg med julehandelen, i år vert det mykje variert å få kjøpt, til no har det meldt seg ca 15 ulike utstillarar. Her vert saft og syltetøy, urter, trearbeid, kort, smykker, heklahuer, Perfect home, leikar, og ulike typar handarbeid. 

*****

Bodyar og legoposar

Då var helgas førjulssal for lengst over. Salet gjekk nokolunde bra, så no gjeld det å lage litt meir til neste gong. 

Fekk spørsmål om bodyar i meir jentete stoff. For tida har eg ikkje så mykje jentestoff liggande, men noko fann eg då. Så då vart det fire bodyar i litt ulike storleikar, og så kjem det kanskje eit par til snart. Klipte litt rikeleg sist gong, men det vart ikkje meir sytid, og så er det no litt dillete å skifte trådfargar på dissa maskinene, så det tek vi igjen ein anna dag. 


Legoposane eg hadde med vart òg selde sist helg, så då måtte eg lage nokre nye. Ytterstoff er kraftig bomull frå Ikea, og dei er fora med einsfarga bomullsstoff, i desse er det raudt og kvitt fòr, to av kvar. 


*****

Neste gong eg skal vere med på messe, vert i Runnevang søndag 2. desember, kl 15-18. 

*****


torsdag 15. november 2012

Oppkøyring til førjulssal

Den siste veka har eg nytta kvar ei ledig stund til å sy til førjulssal. Det har hovudsakleg blitt enkle prosjekt, og eg har gått gjennom skuffene og fått brukt mykje restestoff. Ein kan rett og slett kalle det rydding!

Her er noko eg ikkje har prøvd å lage før. Babyteppe med jersey på eine sida, og mjuk polarfleece på andre sida, berre overlocka saman. 



Halsar/buffar til barn. Sydde i bomullsjersey med fleece-fòr.  




Bruke opp restar-prosjekt; 4 halsar i mjuk god merinoull. 


...Og ein søt liten piggsvinkjole i ull. Str ca 6 mnd. 


Ein god del nye siklesmekker ...
 ...faktisk eit heilt lass

Så har eg prøvd haustens hit i syverda, loop-skjerf. Denne er i stjernemønstra jersey, fòra med einsfarga svart jersey. 

Nokre nye huer har det blitt òg, desse er til barn, i størrelsane 46-48 og 48-50.  


Mjuke gode ulltrøyer i merinoull, str 3-4 år og 6 år.


Ullbodyar; str 92, 74 og 62.  


No er lageret av stoff litt redusert, medan lageret av salgsvarer er fyllt opp. Håpar nokon vil kjøpe noko av dette, her er iallefall nokre julegåvetips. 

Velkomne for å sjå og/eller handle i Sandane Senter laurdag 17. november, og på juleverkstaden i Runnevang på Rygg søndag 2. desember!

lørdag 10. november 2012

Grøne ting...

Siste dagane har eg styra meg eit par grøne småprosjekt på kveldane. Fekk eit innspel til å prøve Nøstebarn-oppskrifta på rillestrikka vottar. Dette er str 1-2 år, så dei var nokså kjappe å lage. Men eg veit ikkje heilt om eg likte så godt det at dei skulle syast saman i sidene, slikt får eg berre ikkje fint. Men vottane er sikkert like varme likevel. 


Nok ein kjøkenklut etter oppskrift frå Maria. Lysegrøn, så den passa i lag med den mørkegrøne eg strikka for ei stund sidan. Desse sel eg i pakkar på 2 stk for 100 kr, då har eg nesten 60 kr att for å strikke to stk. Garnet er Paris, det beste garnet til slikt bruk etter mi meining. 


*****

torsdag 8. november 2012

Stand på Sandane Senter 17. november

Treng du heimelaga og unike julegåver? Har du sett noko her på bloggen som du kunne tenkje deg å sjå nærmare på?

Laurdag 17. november er det Senterlaurdag på Sandane senter. Då tek eg med meg kassene mine og stiller ut varer for sal der, i lag med  Maren Lovise og dei hekla huene hennar. 


Kanskje vi sjåast?

onsdag 7. november 2012

Forklekjolar og ulltrøye

Sist søndag var eg på Eid og hadde sydag med to andre. Kjekt å sitje fleire i lag og skravle og sy, og mimre frå 20 år tilbake då vi gjekk i same klasse på saumlinja på Jølster.  

Til denne søndagen hadde eg klipt ut 6 forklekjolar. Eg fekk sydd 4 av dei, og dei to siste blei klare kvelden etterpå. 

Blei visst mykje muffinsar her... Kjolane er sydde i babycord og vevd bomull, og ei er vendbare. Nokre har applikasjonar, nokre har lommar, og nokre har begge deler. Ikkje alle fekk "pynt" på begge sider, tenkte at såpass mønstrete stoff ikkje alltid treng så mykje stash. 




 Detaljar frå nokre av kjolane

 I tillegg har eg fått laga ei ulltrøye i str 6 år. Mjuk og god merinoull frå Myllymuksut. 

lørdag 3. november 2012

Bodyar, huer og labbar

Ikkje så ofte eg styrar med blogging, så eg får ta litt oppsamling når eg fyrst er i gong. 

Her er nokre bodyar i diverse størrelsar, og ei lita bukse til den eine bodyen. Dei med brune piggsvin er i merinoull, dei andre i bomull. 


Eg har lenge hatt ein meter smalstripete jersey liggande, og for å få rydde litt måtte eg bruke den opp. (iallefall nesten) Den vart til 6 huer i to ulike storleikar, og når dei fekk på seg kvar sitt tøffe strykemerke, kan dei no bli greie huer for smågutar. Stoffet syns eg å hugse eg kjøpte på Stoff og Stil ein gong, og strykemerka er frå Hennes&Mauritz + ein sybutikk i Krakow. 


Eit par tjukkelabbar i mjukt deilig Jarbo-garn. Damestorleik. 


*****