lørdag 24. oktober 2009

På handarbeidssida er eg for tida i modus for raske og lettvinte arbeid. På eit forum eg besøkjer av og til, hobbyboden, er det for tida ein along som heiter "Med ein 50-lapp i lomma". Her er det om å gjere å vere kreative og lage produkt for under 50-lappen. Dette er eg blitt inspirert av, så her går det i småarbeid for tida.

Nedanfor er eit par tøfler laga av i underkant av 3 nøste Cortina, med pinne nr 7. Då eg kjøpte garnet på Sparkjøp, kosta det 12,50 pr nøste, så kostnad på dette vert på ca 37,50. Den lilla hekla kanten var frå ein rest eg hadde, så den vert vel ikkje rekna med.
Her er òg noko som skal bli ei vinveske, strikka i Mor Aase frå Rema 1000, kosta 6 kr, bunten, og her gjekk det litt over eit nøste, så her er det skikkeleg billige garnkostnader.
Bildet er som de ser teke før toving.

Her er vinveska i lag med to andre av same slag, men strikka i Østlandsgarn frå Nille. Dette garnet kostar 12,90 pr nøste, og også her brukte eg litt over eitt nøste på kvar.



Dekoren er henta frå Hanna sitt perleskrin. Har aldri prøvd å strikke med perler før, men det blei no ganske fint, syns eg.



Dotra mi Hanna er for tida isolert pga mistanke om den stygge influensaen. Dei par-tre fyrste dagane var ho ganske sjuk, men no er ho etterkvart betre, og må ha noko å fordrive tida med. På eige initiativ ville ho strikke, og panneband var eit høveleg prosjekt. Eg la opp og fellte av, resten ordna ho sjølv. Pannebandet er i Gullgarn, passeleg tjukt og godt å strikke med for ein nybegynnar. Ho tykte faktisk det var så kjekt at ho no er begynt på eitt til.

Og sidan isolatet skal vare heilt til onsdag, håpar vi på rikeleg strikketid både Hanna og eg =).




søndag 18. oktober 2009

Hyttehelg

Her er hytta vår, der vi har tilbrakt helga. Traudalen er ein ikkje altfor solrik plass, så sjølv om himmelen var så godt som skyfri var det ikkje allverden med sol. Plassen fungerer likvel godt som rekreasjonsstad, så vi har hatt eit par flotte dagar med avslapping og kos. Når mørkret sig på er det godt å kunne kveike massevis av stearinlys og legge godt med ved i ovnen, så har ein det bra.

Her er hytta frå ein annan vinkel.


Noko som er kjekt å få med seg i oktober/november, er gytinga til auren i vatnet. Akkurat der vatnet renn ned i elva er det gode mogelegheiter for å sjå fisken, og det er eit artig skue. Ikkje enkelt å få gode bilde av dette, men om ein ser godt etter er det mogeleg å sjå nokre fisk på kvart bilde.... Tips:Klikk på bildet, så vert det større og mykje tydelegare å sjå.



Traudalen.



Rekkja med gamle naust på nordvest-sida av vatnet.

Litt seint for tyttebær, men fine er dei.



Helgas handarbeidprosjekt vart avslutta i siste liten før vi skulle heim. Eit par sokkar i Sisu Fantasy, ca str dame, pinne nr 2 1/2. Eg brukte akkurat eit nøste (hadde ca 2 meter att), på kvar sokk. Litt langdrygt arbeid, med tanke på at ein faktisk skal strikke to sokkar, men resultatet er eg bra fornøgd med. Desse går nok til julemesse-salget.












torsdag 15. oktober 2009

Bursdagsfeiringar og nye huer

I desse dagar har det mellomste barnet mitt runda 11 år. Tradisjonen tru er det to feiringar, ein for familie og ein med veninner. I forkant av familieselskapet var det mykje arbeid, her skulle det nemleg lagast tapas. Hanna er sjølv veldig engasjert, så ho hjelper til på kjøkenet så mykje ho kan. Her lagar ho små spyd med melon, oliven og spekeskinke.


Noko vi òg serverte var rullar med lompe, snøfrisk, røykjelaks, kvitløk og persille. Rikt på smak, og veldig godt.


Her er heile kjøkenbenken med mat.

Hanna skal òg ha selskap med veninnene sine. Ein dag eg var vekke på kurs, skulle ho og storesystra lage invitasjonar. Sidan skrivaren til dataen ikkje virka, var det berre å begynne å klippe og lime. Resultatet vart kjempeflott, tykte eg. Så då er det berre å glede seg til fredag då selskapet skal gå av stabelen.




Det har vore ei travel veke, men innimellom er det blitt litt strikking òg. Tvillingane trengde nokre nye varmare huer til vinteren. Dei fekk velje fargar sjølve, og ikkje uventa vart det rosa med litt attåt. Med Hello Kitty framme vart begge fornøgde.


Jentene er begynt å teikne ein del. Her har Nora teikna mor si. Eg syns det var ei sjarmerande lita teikning, så den må visast fram.






lørdag 10. oktober 2009

Ullbukse og handel på Moa

I lag med ei svigerinne og hennar døtre, har eg og mine tre yngste jenter vore på mini-haustferie på Moa. Vi var i leikeland og i svømmehallen, elles vart det litt handel og eting bl.a. på McDonalds. Sidan vi skulle rekke over alt, måtte vi ha ei overnatting på hotell, og det var deilig.
Medbrakt handarbeid på turen var ei ullbukse som eg hadde begynt på tidlegare i veka, og målet var å bli ferdig på turen. Det heldt akkurat, eg felte av på siste foten på ferja Lote-Anda på heimvegen. Oppskrifta har eg henta herifrå. Resultatet vart slik:


Det vart ikkje mykje handel, men eit par ting vart no med heim. Fyrst 3 nøster med Regia sokkegarn... (No må eg jammen begynne å slanke sokkegarn-lageret snart). Eg likte fargane godt, så dette gledar eg meg til å ta fatt på.



På HM fann eg noko eg har leita lenge etter, symerker med Hello Kitty. 3 stk i pakken, kosta 29,90. Desse satsar eg på å bruke til å piffe opp diverse halsar, huer, panneband og anna det måtte passe på.



I tillegg vart det ein liten ting til ein annan hobby, ei lita bok med Tapas-oppskrifter. Alltid kjekt med litt nye idear til kva ein kan servere gjester. Og sidan vi har ein 11-åring i dag, og skal ha familieselskap i morgon, blir det høve til å teste ut litt ganske snart.

torsdag 1. oktober 2009

Nytt sokkepar


Ikkje så veldig mykje å skrive om dette. Ordinære labbar strikka i mellanraggi frå Jarbo på pinne nr 3. Ganske langt brot, så dei skal vere varme og gode. Måtte begynne på nytt nøste like før hælen på sokk nr 2, og fekk det ikkje heilt til å stemme med stripene etter det. Men pytt sann, dei er nok like varme likevel.