torsdag 27. oktober 2011

Sommarkjole med vaffelsaum



Framgangsmåte til ein slik kjole fann eg på youtube for ei stund sidan, faktisk såg det veldig enkelt ut, så dette ville eg prøve. Det gjekk stort sett greit, men ved neste høve trur eg kanskje eg skal prøve ein annan type stroppar.


Stoffet er eit putetrekk frå Åhlens.





tirsdag 25. oktober 2011

Nøstebarndress

Då kan eg endeleg vise fram denne nøstebarndressen som eg strikka i sommar. Mottakaren var den skjønne vesle sonen til ein kollega av meg.


Mønster frå "Strikk til Nøstebarn" av Kathrine Gregersen,

#1925 Heildress i dobbelt to-tråds garn.

Garnet er New Zealand lammeull, pinne nr 3,5 og 4,5.






tirsdag 18. oktober 2011

Brødkorger og myntpungar




To myntpungar til messa. Framgangsmåte har eg funne her.










I haustferieveka var eg ein tur til Ålesund med tre av jentene mine, kjekt å komme seg vekk litt og finne på litt anna enn det vanlege. Litt handel vart det, og på hobbyfronten kjøpte eg meg denne boka.


Her var det fleire fine framgangsmåtar og mønster eg kjem til å prøve.






Det fyrste som måtte prøvast var desse brødkorgene.


Ein finn òg ut korleis dei vert laga på denne bloggsida.




I desse julekorgene brukte eg bordvatt istadenfor vlieselin som det stod i oppskrifta. Veit ikkje heilt kva som vart best.




torsdag 13. oktober 2011

Sydilla og ny maskin

Fyrst kan eg no vise fram noko av det eg har laga i det siste:




To små vesker til smådamer


Snurreskjørt til smådamer


Eit par ugleposar til småting


Ei lita toalettveske til ei av døtrene mine (Måtte teste ut bildepapiret til å stryke på stoff, fungerte fint det.)




Så har eg gjort ei ny invistering, den etterlengta overlockmaskina er endeleg på plass. Den fungerer nok som den skal, men eg må bruke litt tid på å gjere meg kjend med maskina. Den syr fint, men eg syns ikkje endane er så fine. Korleis feste desse på skikkeleg vis?





Ja ja, eg har no prøvesydd litt. Denne vesle dongeribuksa er omsaum av ei bukse som var forlita til sonen min. Avlagde dongeribukser er greit såleis, kan brukast til så mangt. Ei lita siklesmekke vart det òg.



5 huer i monstertruck-stoff. (Burde kanskje bestille meg litt meir jerseystoff sånn at eg har meir å variere i...?)













torsdag 6. oktober 2011

Huer til småjenter

I løpet av den siste tida har eg lært meg å sy huer. Desse er sydde i jersey/ribb/stretchstoff. (Er ikkje heilt stø på kva slike stoff heiter...) Eit par-tre av huene beheld nok jentene her i huset, resten endar nok på messe. Strykemerker frå HM vart pynt, slikt likar småjenter.








Eg har ikkje overlockmaskin - så saumane her er sydde med overlocksaumen på Berninaen. Fungerer på eit vis, men om eg skal sy mykje i slike stoff lagar eg meg nok eit behov for ny maskin...


søndag 2. oktober 2011

Vesker og kjolar

Så har det vore helg igjen, og eg har lurt meg til litt sytid, sjølv om veiret er litt for fint til det.




I går laga eg desse små veskene. Dette er ei forminska utgåve av eit rosenett som eg har sydd tidlegare. Veskene kan brukast på begge sider, så her er det mulig å variere.



I dag er det blitt eit par forklekjolar. Desse er òg vendbare.



Ser at bilda ikkje er av dei beste, men for ein gong skuld skin det sol her...