søndag 26. februar 2012

Heimespøta på Epla

Då har eg funne ut at eg må prøve å kvitte meg med nokre av tinga eg lagar, det hopar seg opp her...

Så no har eg tatt steget og opna min eigen nettbutikk på Epla . Har du sett noko på bloggen min som du kunne tenkje deg, kan det hende noko av det er kome inn i nettbutikken. Eg har lagt ut ein del varer som eg har fått teke bilde av og sortert, meir kjem etterkvart.

Velkommen inn!

torsdag 23. februar 2012

Knytebukser

I dag har eg fått laga eit par knytebukser til småbarn. Mjuke og deilige i velour frå Stoff og stil. Planlegg matchande body til den brune buksa, den vart litt kjedeleg med einsfarga stoff, så vi får prøve å sprite opp med ein mønstra body etterkvart.




onsdag 22. februar 2012

Bukse, T-shirt og siklesmekker

Litt nytt frå symaskinene etter sist helg.


Ei langarma raglan t-shirt str 110, sydd etter mønster frå siste Ottobre.


Bukse omlag i samme størrelse, sydd av eige mønster.


4 stk siklesmekker i samme stoff.


Bil-interlock, kjøpt hos Sydilla, ribb og babycord frå Stoff og stil.




fredag 17. februar 2012

Smokkesnorer

I går hadde eg meg ei kveldsøkt ved symaskina. Visste ikkje heilt kva eg skulle lage, men noko småtteri passa fint, så då blei det nokre smokkesnorer.



Dette er diverse dekorband som eg har lagt uttapå skråband. Trykknappar i endane slik at klypa og silikonringen kan takast av og snora kan få seg ein vask.






Dei som kjenner meg veit at eg ikkje har behov for 14 smokkesnorer sjølv. Desse er difor til sals, kr 60 for ei og 100,- for to.


Etterkvart havnar dei nok på ei messe ein eller annan plass.






mandag 13. februar 2012

Vottar og hals

Då har eg endeleg fått strikka eit par tomlar og festa nokre endar på eit par prosjekt som har lege nesten ferdige ei god stund.




Eit par selbuvottar i str 7-9 år, strikka etter ei Rauma-oppskrift.







Ein mjuk hals i Kitten mohair, snurra to gonger rundt.




Ha ein fin kveld!

tirsdag 7. februar 2012

Litt babykle

Har ikkje sydd så mykje i det siste, det har vore mykje anna å ta seg til. Men i dag fyrte eg i ovnen på loftet og prioriterte syarbeid framfor andre ting som også burde vore gjort.



Fyrst laga eg ei bukse som skulle matche desse bodyane som eg har sydd før. Buksa er laga av eige mønster, ca str 80. Sydd i babycord frå SS, ribb frå SS og rest av eit uglestoff frå ein eller anna dansk nettbutikk.



Eg har òg prøvd meg på Jubels knytebukse frå boka "Made by me." Sjølve buksa vart grei, men eg er endå ikkje fortruleg med dette med kanteband, og her var det endåtil knyteband. Ikkje perfekt, men det er no heimelaga på hobbybasis...



Stoffet er chenille frå Stoff og stil, og ribb frå samme butikk.



For nokre dagar (eller var det veker...?) sidan sydde eg denne bodyen etter mønster frå siste Ottobre. Str 62, stoff frå Myllymuksut, ribb frå SS. Planlegg ei tilhøyrande hue og bukse til denne, så er det mulig den endar som gåve.








Ein pysj etter mønster frå same Ottobre, dvs med litt endringar. Her vart det ein del kluss med kanteband og trykknappar, ikkje alltid like beint alle plassar, alt etter korleis ein strekkjer ribben medan ein syr. Var nær ved å hive heile prosjektet i boss, men klarte no so vidt å berge det. Men denne går under kategorien feilvare...


Stoff frå Tiljamiid.





søndag 5. februar 2012

Bursdagsjenter

Småjentene mine har fyllt 6 år, tenk at tida har gått så fort. Syns ikkje det er lenge sidan eg gjekk med den svære magen med to stk inni...


Desse kjolane sydde eg i januar, med tanke på karneval som skal vere no i denne månaden. Men kjolane er blitt dei nye favorittane, så dei har allereide vore flittig brukt både her heime og i selskap. Tilhøyrande kroner har dei òg, men Nora fann ikkje att si nett no.


Paljettstoff, taft og tyll frå Stoff og stil, sølvstoff og sølvtyll frå den lokale sybutikken. Mest mulig rosa/lilla og glitrande saker. Enkelt mønster som eg har laga sjølv.