onsdag 23. juni 2010

Jonsokfeiring

Tradisjonen tru har vi vore på jonsokfeiring på Sandneset i kveld. Ein flott sommarkveld ved fjorden.





Årets brurefølgje.



søndag 20. juni 2010

Kveldstur

For tida er det ikkje mykje blogging her, det er mykje som skjer, men kanskje ikkje så mykje å blogge om. Fortrinnsvis er dette ein hobbyblogg, men strikking og handarbeid er det ikkje mykje tid til no når det er sommar. Har nokre småprosjekt på gong, men det går treigt.

Denne helga begynte fredag med blåtur med jobben, laurdag var vi til Førde og vaska og henta heim flyttelass frå hybelen til eldstejenta. I dag tok vi med middagen og grilla på hytta. Dei andre for heimatt for å snekre på garasjeloftet, og etter å ha vaska opp, gjekk eg rundt vatnet før eg vende nasa heim. Ein flott sommarkveld i Traudalen.

søndag 13. juni 2010

Endeleg fisk på kroken

Ein fritidsaktivitet eg likar godt er fisking. Stort sett foregår det i vatnet ved hytta vår, men uheldigvis kan fisken her vere vanskeleg å lokke frampå. Enten er det for kaldt, feil veirtype, feil makk, feil tidlspunkt eller så er fisken rett og slett ikkje svolten. Vi har prøvd nokre gongar før i sesongen, men då har vi ikkje lukkast.

Denne helga skulle eg opp åleine og vaske litt, men eg måtte no prøve fiskelukka òg. Og jammen vart det litt fangst denne gongen, sjå berre her. Ei fin ei på laurdagskvelden, og ei litt mindre søndag morgon. I tillegg litt napping, så det er altså liv i vatnet i år òg.

torsdag 10. juni 2010

Fornya inngangsparti/uteplass

Ved inngangsdøra vår har vi ein overbygd platning som vi liksom aldri har fått skikk på. I år har vi difor teke oss saman og gjort noko med dette. Platningen er blitt beisa og vi har kjøpt nye utemøblar. I tillegg har veggane, og karmane fått beis, og eg har sett fram litt til pynt.



Dei "nye skohyllene" er gamle kasser som vi fekk frå ein bonde her på stranda. Dei får få nytt liv som sko-oppbevaring ei stund framover. Sopelima kom gutungen heimigjen med, han hadde laga den på skulen.




Grøne fingrar har eg aldri hatt, men nokre potter med litt sommarblomster prøvar eg kvart år. Håpar dei held seg fine ei stund i år...



Denne hylla er laga av ei gammal fjøl som eg fann i ein ruin etter eit nedrive hus. Hylleknektar i smijern frå IKEA.



Denne lanterna har eg kjøpt i butikken til kollegaen min, ho har òg nettbutikk. Her er mange fine interiørprodukt, både til å ha ute og inne. Korga i hønsenetting som stod på skohylla er òg derifrå.








Så no kan berre sommaren kome for fullt...