onsdag 24. oktober 2012

Sydag i dag


I dag har eg hatt fri, og prioritert litt syarbeid. Det har blitt nokre bukser og bodyar til babyar/barn.

To vide, behagelege bukser, ei i str ca 2 år, og ei i 4-5 år. Den minste buksa er sydd utan sidesaum, av eit mønster eg har teikna sjølv. Babycord frå Stoff og stil, ribb derifrå òg. 


4 bodyar og to bukser. 
Body + bukse str 80
Body + bukse str 92
Bodyar i str 62 og 68


Jersey frå Fabelblå, og chenille og ribb frå Stoff og stil.  



I tillegg har eg sydd nokre huer, men dei kom visst ikkje med i dag...

mandag 22. oktober 2012

Litt nytt frå sykroken og strikkepinnane

Så har eg fått sydd litt igjen. Når eg har stått og selt tinga mine, får eg ofte spørsmål om eg har noko som passa til ditt og datt, så no har eg planar om å lage nokre sett for salg. 

Fyrst er det ein tunika/litt utoversvinga trøye i litt tjukt stretchstoff, med tilhøyrande dongeribukse. Buksa er sydd av ei avlagd dongeribukse. Litt vanskeleg å vurdere om buksa og overdelen passar til samme størrelse, men trur det skal vere sånn nokounde. Begge er eigne mønster. 



Eit sett med body og bukse, bodyen er i str 86, buksa omtrent det same, kanskje litt større. Mønsteret til bodyen er frå "Heilt spesiell", medan buksa er eige mønster, sydd av ei gammal dongeribukse. Då buksa var ferdigsydd såg eg diverre at det var den buksa eg hadde søla litt hobbymaling på på jobb, eit par svake kvite målingsflekkar på framme. Mulig eg ikkje kan selge den, i så fall blir det på billigsal. 

Trøye i str 6 år, eige mønster. Denne har eg ikkje noko attåt endå, men mulig eg kjem til å lage ei dongeribukse til denne òg. Må berre ha ein pause i buksesyinga, sidan eg trøbla ein del med den forrige. Mjuk deilig interlock i bomull. 


Som sofaarbeid den siste veka har eg hatt desse sokkane. Dei er strikka i Senjagarn frå Nille, og passar til mine 6-åringar, dvs ca str 30. 



***

lørdag 13. oktober 2012

Eit par langtidsprosjekt

Driv for tida med litt opprydning, og då er det greit å få ferdig prosjekt ein har liggande. 

Som f.eks. desse labbane. Dei er i tynt garn på tynne pinnar (nr 2 1/2 eller 3 trur eg), og slikt tek tid og tålmodigheit. Eg begynte på dei då vi skulle til Bulgaria i begynnelsen av juni, sidan har dei vore med ein tur til Krakow i september. Og no i oktober var dei med på konferanse i Loen og haustferie i Bergen, og då kom eg endeleg i mål med dei. Garnet er ein type Regia garn, skal visstnok vere svært slitesterkt. Damestørrelse. 


Her er eit til prosjekt, type enkel strikk som ein tek med når ein skal nokon plass. Kjøkenklut etter den fyrste oppskrifta i dette innegget.


***

Monsterbukse

Denne buksa har eg halde på med nesten eit år, følest det som. Så har den no har lege i ro lenge òg då. Her forleden fekk eg eit spark for å få den ferdig, då eg høyrde om ein liten gut som ville ha ei sånn bukse. (Eller kanskje det var mora som ville ha?) Så no er prosjektet fullført, så får vi krysse fingrane for at buksa er lang nok, viss ikkje får vi prøve på nytt igjen.  





Maskesting er framleis ikkje mi greie, berre så vidt eg tør å levere frå meg dette, men eg får det ikkje til på betre vis, så då får det gå. 


Snorer tvinna med kroken på mix-masteren, ein genial idè som eg las om på ein eller annan blogg for lenge sidan. 


***


søndag 7. oktober 2012

Meir ullkle til barn

Då har eg endeleg fått sydd litt igjen, og sidan eg har fått ny forsyning med ull frå Myllymyksut, og det går mot ullsesong, måtte det bli ullkle denne gongen òg. I dag vart det tre bodyar og ei trøye, og dei er allereide på plass i Epla-butikken min, i lag med sitjeunderlaga frå forrige innlegg. 


Sidan maskinene allereide var tredde med raud tråd, blei det det raude stoffet i dag. Har òg liggande med turkise pigsvin, og så ventar eg på ein dryg meter med brune. Gledar meg til å lage noko av dei òg, sjølv om eg krangla ein del med utstyret i dag. Satsar på betre tider neste gong. 


Body str 80  

Trøye str 3-4 år

Body str 68

Ein dag eg var ein tur i sentrum her, kom ei dame bort til meg og lurte på om eg ville stå og selge på senteret her, ein laurdag i november. Eg syns jo sånt er spennandes, så eg sa ja til det. Så no må eg prøve å få produsert meir framover, det er jo snart julemesse-tid òg, og vekene går fort.  

torsdag 4. oktober 2012

Fleire sitjeunderlag

Då har eg fått hekla nokre fleire sitjeunderlag, i tillegg til at det fyrste eg laga fekk seg ei runde til i maskina. Har fått brukt opp mange nøste med Cortina Soft, så no har eg nesten berre enkle nøste igjen, får sjå om eg klarar å få noko fint ut av det. 


Størrelsen er ca 36 x ca 50 cm. Blir til sals for ca 200 kr. 
Dyrt? Garnkostnaden er iallefall over 70 kr pr underlag, så har eg gjerne hekla på det eit par-tre kveldar i tillegg til festing av endar og samansying. Så nei, 200 kr er ikkje dyrt, kanskje eg tilogmed tek litt meir :-) Får sjå kva eg bestemmer meg for. 



Fargerike saker til å setje rompa på.