Nokre t-skjorter i tøff monstertruck-jersey frå Sydilla. Armane er av einsfarga jersey frå Tiljamiid. Alle er i str 110, eit svært tilpassa mønster frå Ottobre.
mandag 26. mars 2012
søndag 25. mars 2012
Sy-søndag
Då har eg hatt meg ein lang dag med symaskinene, og fått klart noko meir til messekassene.
4 nye huer, desse ligg òg i Epla-butikken min. Begge stoffa frå Tiljamiid.
5 nye bodyar i litt ulike størrelsar. Stoff frå Tiljamiid og Fabelblå.
Gåve til tantebarnet
torsdag 22. mars 2012
Panneband-produksjon
No når veiret forhåpentlegvis blir mildare, blir det fint for ungane å få gå med panneband i staden for hue. I dag har eg hatt fri, og det blei nokre panneband til mine eigne ungar, samt ein del til neste messe. Av ting eg har hatt for sal tidlegare, har desse monstertruck-stoffa selt veldig bra, så no prøver vi med panneband. Nokre fear vert òg med på messe i slutten av april.
torsdag 15. mars 2012
Klemmepungar
Innskriving på skulen
mandag 12. mars 2012
Strikkepinneetui og bukse
lørdag 10. mars 2012
torsdag 8. mars 2012
Body med sauer
Eg har fått spørsmål om body eller anna med sauer på, og frå Myllymuksut har eg kjøpt dette stoffet. Eg har mykje meir stoff, så her kan det bli både huer og meir sauebodyar.
Mønsteret er frå "Heilt spesiell", dette er den fyrste eg syr av dette mønsteret, og det blir garantert fleire.
mandag 5. mars 2012
Forklekjolemodus
Då vart det ei ettermiddagsøkt i dag òg, måtte jo få ferdig denne forklekjolen òg. Mykje av det eg syr er i litt sterke fargar, men denne er no eit unntak.
Kosar meg litt med å dekorere desse kjolane, litt pynt må det vere, men ikkje altfor mykje.
Stoff frå Panduro og Stoff og stil.
Kjolane er vendbare og kan brukast på begge sider.
søndag 4. mars 2012
Forklekjolar
I det siste har det vorte laga mykje av jersey og stretchstoff elles, men eg har jo eit lager av vevd bomull liggande òg. Så i dag var det tid for å bruke litt av dette lageret.
Eg klipte til 4 forklekjolar, men vart berre ferdig med 3 av dei, den siste får eg ta ein annan dag.
Kjolane er vendbare, eg har laga dei med mykje mønster på ei side og litt "rolegare" på andre sida. Stoffa er frå Stoff og Stil, Cetho og ein lokal sybutikk.
lørdag 3. mars 2012
Posar til oppbevaring av småting
Ein av bestselgarane på julemessa var slike posar. Fine til å ha småting i, kan fyllast med diverse og gjeast vekk som gåver. No er eg begynt å sy til ei messe i slutten av april, og då må eg jo ha med ein del slike.
Ytterstoff frå IKEA, to ulike fòrstoff frå Stoff og stil, babycord og mønstra bomullsstoff. mellom laga er det òg eit lag platevatt.
torsdag 1. mars 2012
Vårhuer
Endeleg er dagane vortne litt lenger og litt mildare. Kanskje det er tid for lettare huer til borna? I går og i dag har eg sydd ein del barnehuer i fargerike stoff - om du er interessert i ei sånn kan du sjå i Epla-butikken min. Hue-saum var kjekt, så det kan godt vere det kjem fleire fargar og motiv etterkvar.
Abonner på:
Innlegg (Atom)