Viser innlegg med etiketten hytteliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hytteliv. Vis alle innlegg

søndag 5. september 2010

Ei fantastisk helg

Veiret er for tida upåklageleg, det kan desse bileta illustrere. Vi har hatt hytteovernatting, og eg har vore innom kantarellplassane mine.

Dette biletet tok eg med telefonen frå kanoen midt på vatnet. Ikkje godt å seie kva som er opp og ned på dette.



Skogens gull - litt fangst vart det.

onsdag 21. juli 2010

Hyttetur...

Ferien har starta med dårleg veir. Vi hadde planlagt å vere litt på hytta i ferien, men i slikt veir er det ikkje alltid like kjekt. Når regnet ausar ned og skodda ligg tung ned til vatnet, er det begrensa kor lenge vi er der.

Måtte ut å lufte meg i går, men ingen fiskar beit. Eit par bilete frå mobilkameraet.





Hytta vår er utan straum og innlagt vatn. Det eg sakna mest med det, var sjølvsagt å ikkje få dusje når vi var der i fleire dagar. Men no har vi funne ei innretning som fungerer; to gamle badekar som vi fyrer under. Vatn får vi i slange frå ei elv. Når kvelden kjem og vi har fyrt oppunder nokre timar, er det fantastisk å legge seg opp i karet og nyte...


Vi har bygt hytte på ei moltemyr...


Kjørdalselva


lørdag 1. mai 2010

Båtsmørjing i Traudalen

I dag 1. mai opnar fiskesesongen i Traudalen. Då burde vi eigentleg vere klar med båten, men i år er vi litt forsinka. Båten treng eit strøk eller to med båtolje før han vert sett på vatnet, og i dag var det tid for å gjere det.

Nora skal til naustet for å smørje båt.










Kanoen som vi kjøpte i fjor måtte òg prøvast ein liten tur.


Litt fiske frå land, men inga fiskelukke i dag.


Hanna likar godt å padle litt.


Froskeegg er artige.


Neste helg håpar vi å få ei heil helg på hytta, då satsar eg på litt vårreingjering og testing av grillen. Veiret kan godt bli heitare, så kan det hende fisken bit òg. Gledar meg allereide.

søndag 7. februar 2010

Skitur til hytta

I dag fekk vi lyst til å ta oss ein tur på hytta i Traudalen. Det blir ikkje så ofte på denne årstida, med mykje snø og små ungar er det vanlegvis eit slit å komme seg på plass. Men i dag gjekk det fint å komme seg med bil til parkeringsplassen, så då er det ikkje lange biten igjen. Kristina og Nora er begynt å gå litt på ski, så det var ein passeleg tur for dei å gå inn til hytta.


Jentene legg i veg frå parkeringsplassen






Fyrstemann til hytta....


Utsikt frå verandaen

Inne i hytta var det minus 7 grader då vi kom, men etter litt fyring fekk vi no temperaturen på plussida. Greit å få ein oversikt over kva som har frose og om noko var øydelagt. Alt var heilt, til og med rødvinen, så då var alt i orden. Fekk strikka litt på mariusgensaren eg held på med, medan jentene leika begravelse over ein middagssovande far. Fin søndag, altså.

søndag 18. oktober 2009

Hyttehelg

Her er hytta vår, der vi har tilbrakt helga. Traudalen er ein ikkje altfor solrik plass, så sjølv om himmelen var så godt som skyfri var det ikkje allverden med sol. Plassen fungerer likvel godt som rekreasjonsstad, så vi har hatt eit par flotte dagar med avslapping og kos. Når mørkret sig på er det godt å kunne kveike massevis av stearinlys og legge godt med ved i ovnen, så har ein det bra.

Her er hytta frå ein annan vinkel.


Noko som er kjekt å få med seg i oktober/november, er gytinga til auren i vatnet. Akkurat der vatnet renn ned i elva er det gode mogelegheiter for å sjå fisken, og det er eit artig skue. Ikkje enkelt å få gode bilde av dette, men om ein ser godt etter er det mogeleg å sjå nokre fisk på kvart bilde.... Tips:Klikk på bildet, så vert det større og mykje tydelegare å sjå.



Traudalen.



Rekkja med gamle naust på nordvest-sida av vatnet.

Litt seint for tyttebær, men fine er dei.



Helgas handarbeidprosjekt vart avslutta i siste liten før vi skulle heim. Eit par sokkar i Sisu Fantasy, ca str dame, pinne nr 2 1/2. Eg brukte akkurat eit nøste (hadde ca 2 meter att), på kvar sokk. Litt langdrygt arbeid, med tanke på at ein faktisk skal strikke to sokkar, men resultatet er eg bra fornøgd med. Desse går nok til julemesse-salget.