torsdag 30. desember 2010

Julekjolar

Fekk ei økt bak symaskina i går, så hadde begge jentene antrekk til juletrefesten. Litt store er nok desse kjolane, men så vert dei vel passelege lenge òg. Mønsteret er svært enkelt, har berre teikna av frå ein kjole dei hadde, sydd saman og knapparskuldrane.

Ullfilt frå Stoff og stil, rest av bomullsstoff som dekor. (Er nok frå S&S den òg, viss eg ikkje hugsar feil.)





mandag 27. desember 2010

Julestrikk

Julestrikket så langt i jula har vore labbar. Eg har handla inn litt deilig mjukt labbegarn til jul, så no kosar eg meg. Det øverste paret er i Hjertegarn sitt raggegarn, dei blålilla er i Viking sportsragg, og dei store herrelabbane er i Big fabel.

søndag 26. desember 2010

Nokre julegåver...

No når julegåvene forhåpentlegvis er pakka opp, kan eg vise fram eit par av tinga eg har gitt vekk i år.
Ei monsterbukse til den minste nevøen vår.

Eit par selbuvottar til nevøen vår som bur i Sveits. Håpar det er kjeket med norske mønster i utlandet...




Julefeiring hos oss

Her kjem nokre glimt frå julefeiringa hos oss. Pynting av treet føregjekk på veslejulafta, og her var dei minste ivrige. Her er det Nora som heng opp pynt.




Kristina er òg med på moroa.






Og slik såg treet ut på julaftan føremiddag,





Før julemiddagen brukar vi å ta bilde med sjølvutløysar. Folket er svoltne, så vi har ikkje tid til så mange forsøk før vi set gaflane i maten.






Middagen kan ikkje avsluttast fort nok for enkelte, spenninga er stor før pakkeopningskaoset tek til... Og slik såg dei fem ungane mine ut på julaftan kveld.






Den lokale nissen held til i låven hos naboen. I år hadde helsa skranta litt no før jul, så det var ein hås nisse som kom. Jentene var spente på kva som var i sekken...









Nissen fekk gode klemmar frå takknemlige småjenter...


Etter julekvelden har vi hatt litt besøk og elles slappa av her med oss sjølve. Jula er kald i år, temperaturen har lege på -15 nokre dagar no, så vi fyrer i omnane og kosar oss inne.

Ha ei fortsatt god jul!



torsdag 23. desember 2010

God jul!

God jul til alle som måtte dumpe innom bloggen her!

mandag 20. desember 2010

For nokre dagar sidan pynta jentene i huset peparkakehus. Vi er ikkje meir avanserte enn at vi pyntar eit vi har kjøpt ferdig i butikken, men alle er fornøgde, så då er det greit.

Viktig med mykje seigmenn og nonstop.


søndag 19. desember 2010

Fleire strikkarar i huset... + eit par vottar

Utruleg nok er den eldste dotra mi begynt å strikke! I fjor strikka ho praktiske trekk til å ha på speglane på bilen sin så dei ikkje fraus. I år har ho avansert litt, og etter å ha strikka nokre julegåver, er ho no begynt på sokkar. Besta hadde noko strev med å forklare henne korleis ho skulle strikke hæl - via telefon. Men ho fekk det til til slutt, og no er jenta begynt på sitt andre par.



Sjølv har eg sagt meg ferdig med julegåveproduksjonen for i år. Så no dei siste dagane har eg strikka eit par selbuvottar som skal i messe-/gåvelageret mitt. Greit å ha ein del slike småting liggande.

Vottane er strikka i Rubin, på pinne nr 3. Oppskrifta står i Sandnes Til Fjells 0811. (Men der er det brukt eit tynnare garn.)



mandag 13. desember 2010

Julegåveproduksjon

For tida går det i juleførebuingar, og alt kan sjølvsagt ikkje bloggast. Men mine foreldre på over 80 år les ikkje hobbybloggar (eller noko anna på internett), så eg tek sjansen på å vise fram litt av gåvene deira før jul.


Etter ynskje blir det tova-tøfler i år. Desse er strikka av Cortina og tova på 60 grader. Her er eit av para før toving (i lag med ein isskrapevott).

Og her rett frå vaskemaskina, litt små....


Men etter strekking og påsying av skinnsålar frå Hillesvåg fabrikker, ser tøflene slik ut. Får håpe dei varmar.




onsdag 8. desember 2010

Førjulspresang......til meg sjølv

For nokre dagar sidan skulle eg bestille nokre ullsålar frå Hillesvåg fabrikker , men sidan dei òg har nøstemaskin og hespetre i sitt sortiment, og eg hadde ønska meg det lenge, vart det òg med på bestillinga. Det var kjapp levering, bestilte fredag, og varene var hos meg i dag, onsdag.

Nøstemaskina med villsaugarn på spolen. Hespetre måtte eg òg ha meg.

Skal ikkje sjå heilt vekk ifrå at det vert noko barnearbeid her i heimen innimellom. Denne jenta tykte iallefall dette var flotte saker.
Då har vi nøsta opp det vi hadde liggande av garn på hesper. Eg får begynne å strikke på det når julegåvene er klare om litt.


Ha ein fin kveld!


tirsdag 30. november 2010

Oppsummering av helga

Helga som var var innhaldsrik, litt travel men veldig kjekk. Søndag var den store førjulsdagen her i bygda, med familiegudsteneste og juleverkstad/messe/kafè. Tradisjonen tru skulle 4-åringane få bok i kyrkja denne søndagen. Og i år hadde vi for siste gong ungar som skulle få ei slik bok, så då stilte vi sjølvsagt opp.

Her har Nora og Kristina nett fått boka si, og så skal dei synge ein song i lag med presten. (Ja det var ikkje berre våre ungar der, men dei andre har eg skåre vekk for anledningen.)





Etter gudstenesta reiste vi til ungdomshuset. 12-åringen hadde eigen stand på messa i år, der ho selde diverse småtteri, julekaker, makramè m.m. Slik såg bordet hennar ut. Ho fekk selt alle natronkakene med ein gong, elles gjekk det litt av det andre òg.


Sjølv selde eg strikkavarer, eit mobilbilde av utstillinga mi var i forrige blogginnlegg. Salet gjekk bra, det gjekk mykje isskrapevottar, vottar elles, sokkar, huer m.m. Eg ser som i fjor at det er småting som sel best, så det må det lagast meir av. Trur eg har att berre eit par vottar...
Sidan helga var så hektisk, har vi ikkje kome heilt i gong med adventstida her. Adventsstaken er t.d. søkk vekke, så her må vi finne på noko anna. I ettermiddag har eg pakka inn dei obligatoriske 24 små pakkane. Våre born får pakke kvar sin dag, så det blir berre 4. kvar dag for kvar enkelt. (Eldstemann får ordne sin eigen kalender, ho er 20 år...) I år vert det ein enkel variant av ein kalender, men ungane vert nok nøgde håpar eg.




søndag 28. november 2010

Julemessesøndag

Ja då har eg fått laga til helgas utstilling, så får vi sjå korleis det går. Fyrst er det frukost og Gudsteneste med to spente 4-åringar son skal få kyrkjebok.
Ha ein fin søndag!

fredag 26. november 2010

Vinvesker og snart klar for julemesse

I helga skal det vere julemesse her i bygda, og det er jo spennande. No i veka hadde eg siste omgang med toving før messa, blant anna med desse vinveskene. Har sydd på pynt av tova ull og perler.


No i veka har eg elles drive og merka, prisa og laga liste over det eg skal stille ut på messa. Det blir spennande å sjå korleis det går. Restbeholdninga får eg berre ta vare på til gåver og anna til seinare. Eg er med i ungdomslaget som arrangerer messa, så helga går med til organisering, utstilling, baking og så sjølve gjennomføringa på søndag.

Ynskjer alle ei god helg!

lørdag 20. november 2010

Non stop trøye til tvilling 2

Med tvillingar i hus må det meste vere rettferdig. For vel ein månad sidan fekk tvilling 1 si non stop trøye. Etter litt anna småarbeid manna eg meg opp til å starte på trøye nr 2, slik at begge skulle få. Endeleg vart denne ferdig òg, og resultatet vart no greit. Litt knall med dei lilla stripene, men jenta likar lilla, så slik måtte det bli.



Mønsteret er lasta ned herifrå. Ei grei oppskrift som gjev berre to endar å feste om ein vel å bruke ein farge, evt fleirfarga garn.

søndag 14. november 2010

Tjukt garn og tjukke pinnar...

I det siste har eg kosa meg med tjukt garn og tjukke pinnar. Det er jo ein fryd, sidan ting blir fort ferdige.




Dette settet er strikka i Alfa frå Sandnes, etter oppskrift frå Sandnesgarn. Hua er strikka i halvpatent på pinne nr 10.


Eg har òg strikka tre kronehuer, den plommeraude i Eskimo, den kvite i Viking Balder og den lilla i Alfa. Oppskrifta har eg funne her, men eg har gjort nokre små endringar.



tirsdag 9. november 2010

Helgas produksjon

I helga lot snille mannen min meg reise ein tur på hytta heilt åleine. Då var det ikkje stort anna enn strikking som stod på programmet, og her er det eg fekk laga.

Fjordårets bestseljar på julemesse-standen min var isskrapevottar. Dei 5 eg hadde laga i fjor forsvann ganske raskt, så i år tenkte eg å ha dobbelt så mange. Dei fem fyrste er strikka av Mor Aase-garn. Isskrapene er kjøpte på Rema 1000.



Tova votta har eg fått litt dilla på, det går ganske raskt å lage eit par, og i løpet av helga laga eg to par.
Desse lilla vottane er strikka i Mor Aase garn på pinne nr 5. Størrelsen er ca 10-12 år, kanskje litt større.

Dei grå vottane er strikka i Artic frå Europris. Dei vart ein del tjukkare enn dei lilla vottane, sjølv om dei er tova like mykje.




Så får vi sjå om det er nokon som vil kjøpe tova-vottar på julemesse, viss ikkje vert dei kanskje liggande under eit juletre ein plass.

mandag 1. november 2010

Tova ullvottar

Eg har ei lita niese på 3 år som går i utegruppe i barnehagen. Tanta føler då eit visst ansvar for at jenta har varme kle, og ei av utfordringane er å halde ho varm på hendene. Det varmaste er visstnok tova vottar, så då måtte vi prøve å få til det. Har ikkje så brei erfaring med det frå før, men eg fekk det no til på eit vis. Har funne diverse oppskrifter på nettet, og gjort om masketal og mål så det skulle passe nokolunde. Neste gong skal eg legge opp nokre få masker mindre, og heller auke litt etter mansjetten, for å få ei passform som sit betre på handa.













Dette paret er strikka i Artic frå Trysilgarn/Europris, pinne nr 5. Tova på 40 grader i maskin.

søndag 31. oktober 2010

Ullbukse til Nora

Ja då har begge småjentene varme, gode bukser til å ha under dress og regnkle på kalde vinterdagar. Som barnehagearbeidar synest eg slike plagg er nesten uunnværlege. Buksene er noko store, men det ser ut til å gå bra. Viss dei no unngår å slite hol på dei, kan dei faktisk vare i fleire år framover.



Som forrige bukse er også denne strikka i Rubin, eit rimeleg og godt garn. Til heile buksa brukte eg i underkant av 7 nøste, altså ein garnkostnad på ca 100 kr.

mandag 25. oktober 2010

Julegåveproduksjon...

Har såvidt begynt å tenkje på jula, og i går laga eg denne til ei av tanteungane mine. Tanken er å sy ein mindre sminkepung i samme stoffa òg. Satsar på at jenta ikkje snokar på hobbybloggar...






lørdag 23. oktober 2010

Gratulerer med dagen, Birgitte!

Eldste barnet 20 år. Gratulerer med dagen!



Ullbukse til Kristina

Innimellom må eg no lage litt til ungane mine òg. Vinteren er allereide komen, og då gjeld det å ha ullkle til gjengen. No er det Kristina som har fått seg ei ribbstrikka ullbukse, ei sånn kunne eg eigentleg tenkt meg sjølv òg... Buksa er strikka i Rubin, etter oppskrift frå Sandnes Tilbehør, tema 12. Fargane har jenta valt sjølv.




Eigentleg synest eg ikkje dette er det mest spennande prosjektet å halde på med, litt einsformig, og tek litt for lang tid.

...men her er neste prosjekt....


...ribbstrikka ullbukse til Nora.


søndag 17. oktober 2010

Toalettveske

Søndag er ofte sydag for meg, så også i dag. I dag har eg sydd meg ei toalettveske i glade fargar. Det er fyrste gongen eg prøver meg på dette, så veska er langt i frå perfekt. Men sidan det er som skal bruke ho, kan eg leve fint med det. Eg har funne litt insprasjon i denne boka av Lise Bergene, men måla på veska, stoffval m.m. har eg valt sjølv.















Og slik vart resultatet: