fredag 29. juli 2011

Tovavottar

Har endeleg fått gjort ferdig tomlane og tova dei grå vottane. Tova herrevottar til julemessa.




Dei brune er strikka av Artic, og dei grå av Iglo soft, begge kjøpt på Europris. Oppskrifta er ein tilpassa versjon ev denne.

torsdag 28. juli 2011

Selbuvottar

Dette er noko eg tykkjer er kjekt å lage, så innimellom får eg periodar då eg berre må strikke nokre vottar. Då vi var på tur kjøpte eg meg eit par nye votte-hefte, kjekt med litt ulike mønster å velje i.


Men denne gongen klarte eg noko eg ikkje har gjort før...




To venstrevottar.

Dermed måtte det bli to par slike. Strikka i Rauma 3-tråds strikkegarn, etter mønster i eit Rauma-hefte.




Når eg fyrst er i gong med vottar, måtte vi ha eit vaksen-par òg.

ette er til dame, men kanskje litt små. Strikka i Østlandsgarn frå Nille.



3 par vottar til årets julemesse.



torsdag 21. juli 2011

Feriestrikk

Då er vi tilbake etter nokre dagars tur til Trøndelag. På slike turar blir det ein del bilkøyring, og bra med strikketid både i bilen og elles. Endeleg fekk eg fullført rullegensaren til Nora, den har eg halde på med sidan begynnelsen av juni. Så greitt for samvittigheten å få fullføre prosjekt.




Ja då, tidlegare hadde eg eit mål om å alltid ha berre eitt prosjekt om gongen, men dette har nok sklidd ut. Eitt prosjekt på hytta, eitt "enkelt" til å ta med vekk eller til bilkøyring, plutseleg er det ei gåve som hastar litt +++, så ballar det på seg. Men nett no har eg berre tre - trur eg.





Rullegensar etter Nøstebarn si gratisoppskrift
2-tråds merino lammeull frå Askeladen, fargane rosa og bringebærrød. Str 8 år, litt stor til denne 5-åringen, men ikkje verre enn at det går fint.


Så då har begge tvillingane fått seg rullegensar. Desse er lette og mjuke, håpar berre jentene brukar dei når det vert kaldare. (Ei av dei er noko følsom for ull-kløing...)



Etter at gensaren vart ferdig, måtte eg finne på noko nytt. Hadde ikkje planlagt noko, men garn og utstyr er å få kjøpt, så det er veldig greitt. Inn på nærmaste Nille og kjøpe pinne nr 4, og grave fram noko i handleposen frå ein av stoppestadane på vegen, og så vart det kjøkenklutar.



Desse er strikka etter oppskrift på Husmor Marias kopptue.

Garntypane eg har brukt er Pt Helårsgarn, Rauma Oktett og Paris. Klutane vart veldig mjuke og gode, og oppskrifta er enkel og veldig grei. Eg har faktisk fått litt dilla, så eg ser ikkje bort i frå at det vert endå fleire slike...



På turen fekk eg sjølvsagt lurt meg innom diverse butikkar med garn og tilbehør, skal sjå om eg får laga eit innlegg om det ein av dagane.


mandag 11. juli 2011

Labbar

Då var endeleg desse labbane ferdige, dette spøtet har eg hatt på hytta ei stund no.


Strikka i Online sokkegarn, "blåbærvaflemønster".




lørdag 9. juli 2011

Pappa sine bukser...

...er blitt til kjolar. Her har eg brukt fantasien. Ikkje noko mønster, og kanskje ikkje heilt perfekt snitt. Kjolane er fora med stoff frå Stoff of Stil, applikert på nokre hjerter. Dei store hjerta midt framme er lommar.


















onsdag 6. juli 2011

Rausetstøylen

For tida er veiret her heilt fantastisk, og vi prøvar å nytte dagane godt sjølv om vi ikkje har ferie endå. Her i bygda har trimgruppa begynt med noko nytt, nemleg "Mini-hardhausen". Dette går ut på at borna under 10 år skal innom eit visst tal trimpostar i løpet av sesongen.

I dag var det tid for Rausetstøylen. Gamle støylsvegar med trappetrinn er fint for ungar å gå, og her var jentene sprekare enn mora.



Vel oppe var jentene frå seg av begeistring over den flotte utsikten. Dette må vere det flottaste utsynet frå ein støyl, iallefall rundt denne fjorden.


Litt drikke og ein turbar gjev ny energi...



Her såg vi heile bygda og vel så det.





Rygg sentrum fotografert frå Rausetstøylen.






Tusen takk for turen, jenter!









mandag 4. juli 2011

Storfiskaren

Vi har hatt nok ei fantastisk hyttehelg. Denne helga vert nok ekstra minnerik, sidan mannen min har persa seg. I ein alder av 41 år har han fått si største fjellaure i dette vatnet, og det var no ei stor oppleving for oss som var med.


Den stolte fiskar med storfisken. Ved sidan av ligg mine småpinnar.



Og vekta stoppa på...


1,09 kg


Medan vi stod og fiska, kom ei ørn siglande inn over vatnet. Eg forbannte at eg ikkje hadde fått med meg det skikkelege kameraet mitt med det nye objektivet... Grr. På dette bildet teke med mobilen er ørna berre ein liten prikk... (Viss ein ser den i det heile tatt.)



No er det avslapping med dette utover kvelden. Rullegensar til Nora.



Ha ein fin kveld!



lørdag 2. juli 2011

Sommar = handarbeidstørke?




For tida er det lite aktivitet på bloggen. Eg merkar at dagane har meir å by på no når det liksom er sommar. Vi har vore mykje på hytta dei siste helgane, og vekene går jo så fort.




Sjølv om det er roleg på bloggen, får eg no lurt til meg nokre økter med handarbeid innimellom, ja det er flott handarbeidveir på vestlandet for tida. Men ikkje alt kan visast no, og for tida har eg heile fem påbegynte prosjekt. Ny rekord, trur eg.




I dag var familien på tur til Førde, dei store ungane er leie av å vente på at foreldra skal få ferie, så vi måtte finne på noko. Litt handel vart det no, og av hobbyrelaterte innkjøp vart det dette:




Det er no såpass at eg får fullført dette prosjektet som har lege brakk sidan eg gjekk tom for garn for mange månader sidan.




Men hovudprosjektet mitt er for tida noko som vert laga av dette:




Til slutt eit par bilder frå jonsokafta. Sonen vår og nokre kameratar ville så gjerne ha grilla marshmallows, prpblemet var at bålet var litt varmt. Eller var det eigentleg noko problem? Berre å ha store nok grillspyd det...



Jentungane er vanlegvis flinke å posere, men det er ikkje alltid dei har like god tid, iallefall ikkje samtidig. Men slik såg dei altså ut den 23.6. 2011. Dei to største jentene hadde iallefall ikkje tid til å posere, så dei får vi ta med ein annan gong.