fredag 30. september 2011

Anna's bolero

Då er endeleg denne ferdig - Anna's bolero.




Denne er strikka i Drops Lima på pinne nr 4, litt vel tjukk, kanskje. Det gjekk nesten 5 nøste. Oppskrifta finn de her, men eg har lagt opp 10 ekstra masker og strikka ein rapport ekstra på framstykka og ermene, og to ekstra rapportar bak. Då vart den slik til min 5-åring.











torsdag 29. september 2011

Snurreskjørt og joggebukse

Har lenge tenkt eg skulle prøve meg på eit slikt snurreskjørt. Fann ei grei forklaring på dette inne på sykroken, så då var det berre å prøve. Stoff of ribb frå Stoff og Stil, mulig eg burde valt eit litt tynnare stoff, men det vart no ok.




For nokre kveldar sidan sydde eg ei lita joggebukse. I dag fekk den matchande siklesmekke, denne har eg teikna mønster til sjølv. (Kanskje litt stor?)


Kamelstoff frå Stoff og Stil.


Dette er sydd på mi vanlege Bernina-maskin, men no når eg har sydd litt barnekle i stretch-stoff, er det heilt klart at eg ynskjer meg ei overlockmaskin. Tips til gode maskiner som ikkje kostar skjorta vert tatt i mot med stor takk!



søndag 25. september 2011

lørdag 24. september 2011

3 månader til jul

Men jula må ein tenkje på heile året.



I dag har eg sydd diverse posar og korger i julestoff.






Dei små posane er sydde etter beskrivelse frå Timotei sin blogg. Fine julegåver med valfritt innhald i, t.d lys/telys, twist, nøtter, snop, såper eller kremar, frukt, m.m.





Eg tenkte det måtte gå an å lage desse i andre størrelsar òg, så då eksperimenterte eg meg fram til desse som er noko større. Tenkjer dei kan vere fine å ha frukt, nøtter, brød, garn/handarbeid, eller liknande i.


Dagens produksjon.



torsdag 22. september 2011

God dag på syrommet

Endeleg ein fridag med skikkeleg ruskeveir og ingen spesielle planar... Har lenge planlagt nokre kjolar til messe og kanskje gåver, og i dag var dagen komen.




Tre vendbare forklekjolar med litt lommar og applikasjonar.







Tre fleecekjolar av ein meter stoff. Desse er veldig enkle å sy, utan knappar til og med. Som dekor brukte eg nokre av pyntesaumane på symaskina mi, så kom dei til nytte òg.








tirsdag 20. september 2011

Mjuk hals

Eg har lenge tenkt på å strikke slike halsar, men har utruleg nok ikkje fått kjøpt inn høveleg garn. Mohair har ikkje vore noko favorittgarn til no, men ein slik hals må no vere fint no til vinteren. Så då vi var på tur til Ørsta på laurdag, fann eg ein flott butikk med både saum- og strikkevarer, og der var garnet eg trengte. 6 nøste Kitten mohair fekk vere med heim, og det var berre å setje i gong.




Her er resultat av fyrste forsøk. 140 masker på pinne nr 7, to rett, to vrang til nøstet var oppbrukt. Eigentleg syntest eg halsen var vel trang til å ha to gongar rundt halsen, men på denne vesle dama var den meir passeleg.












På neste hals har eg prøvd meg med 164 masker, får sjå om det vert meir høveleg for vaksne damer. Andre som har strikka slik hals og som har tips om masketal og pinnar?



mandag 19. september 2011

Diverse småtteri

Hausten er komen, og det blir meir kveldsarbeid inne. Har brukt siste par vekene på diverse ting til julemesse, og samla opp litt som kunne tovast i lag.






To tova vinvesker, strikka i Østlandsgarn frå Nille.









Eit par tova dametøfler, str 38-39. Strikka i Cortina. Skinnsålar frå Hillesvåg fabrikker.









Tre par tovavottar til barn, strikka i Artic frå Europris. Diverse pynt, slit litt med å komme på noko fine motiv som kan brukast til begge kjønn. Blomster og hjerter er greitt, men er nok mest for jenter...




Fiskar med knappeauge



Ansikt med knappeauge og -munn.




Ei hekla hue med blomst, Babysilk, dobbelt garn. Litt vid, baggy modell.

















mandag 12. september 2011

Nøstebarn jakke med rundfelling

Denne jakka var ganske enkel og relativt rask å strikke, 3-trådsgarnet er noko kjappare å strikke enn 2-tråds frå Askeladen. Eg hadde to buntar brunt og ein med turkis, og var noko skeptisk til om det var nok garn, men det heldt akkurat.




Størrelsen er 4 år, har eigentleg ikkje noko mottakar til denne - så den endar vel opp på julemessa. Evt. under eit juletre viss eg ikkje blir kvitt den då. Måtte berre prøve å strikke ei slik...(Denne er no så fin at mønsteret godt kunne vore i større størrelsar òg).
Mønster #1943 Jakke med rundfelling frå "Strikk til Nøstebarn"-boka. Originalgarnet, 3-tråds merinoull frå Askeladen, pinne nr 4.




søndag 4. september 2011

Labbar og sitjeunderlag

For tida er eg inne i ein periode då eg likar best kjappe enkle prosjekt. Slik som desse to tova sitjeunderlagar. På det smalstripete fekk eg brukt opp 5 single nøster med Cortina, fint å få vekk litt smårestar. Det breistripete er av Cortina Soft, eg turde ikkje å blande dei to garntypane, det har eg gjort før med dårleg resultat...






Oppskrifta: 80 masker - 5 nøste - pinne nr 7. Handtak over dei 20 midterste maskene når det nærmar seg slutten.





Og endeleg vart desse labbane ferdige - eg var komen til hæl nr 2, og så har dei blitt liggande i heile sommar. Strikka i Jarbo Raggi - pinne nr 4 1/2.


torsdag 1. september 2011

Hekla hue

Har ei stund planlagt å lage nokre hekla huer til hausten. Etter nokre surferunder etter heklahuer, har eg i dag klart å få til denne. Den vart nok litt vidare enn eg hadde tenkt, men så får eg ta den sjølv då, sidan eg er så tjukk i hovudet.


Eg greidde til og med å hekle ein blomst til å pynte med.



Garnet er kjøpt på sal for lenge sidan, Merino Silk frå Hjertegarn. Dobbel tråd - heklekrok nr. 5.