onsdag 23. januar 2013

Enkel jakke frå Pickles

Den siste sida har eg strikka på denne jakka, med oppskrift frå Pickles.no
I oppskrifta var det brukt ein tråd alpakka og ein tråd bomull, men eg bytta ut bomullstråden med merinoull. Så denne jakka er mjuk og god. 


Størrelsen skulle vere 7-8 år, men denne jakka vart nokså snau til denne jenta som straks er 7 år, og ikkje særleg stor for alderen. Så her er det berre å bruke plagget mest mulig før det vert for lite. 





Og sidan jenta er tvilling, og ting bør vere rettferdig, er allereide neste jakke på pinnane, i ein annan farge. Følg med, følg med...

torsdag 17. januar 2013

Skjørt

3 lette sommarslege skjørt, str 116, 104 og 98. 


tirsdag 15. januar 2013

To kjolar

For tida er det rimeleg fullt i stofflageret mitt. Så no har eg eit mål om å få sydd opp ein del, slik at det blir litt mindre fullt i skuffene. Vevd bomull har eg brukt lite av det siste året, så no gjeld det å finne bra bruksområde for det. 

I eit tidlegare innlegg hadde eg med eit par singoallakjolar. Desse var greie og sy, og her får ein jo brukt litt stoff. Så i ettermiddag har eg sydd to til slike.

Stoff; soppverden frå Cetho (trur eg), og babycord på ermane 
Str 4 og 6 år. 




mandag 14. januar 2013

Sydag

I går var vi to sydamer som innstallerte oss i stova, med til saman 5 symaskiner.
Målet mitt er å få komt igong igjen med sying til messer og slikt, eg planlegg å vere med på nokre til sommaren. 


Sidan det er messer i vår og sommar, tenkjer eg at det kan vere kjekt med litt sommarkle. Singoallakjolar har eg lenge hatt lyst til å sy, og sidan skuffene med vevd bomull er stappfulle, passar det å få brukt opp noko av det eg har liggande. 

Denne er i str 6 år. Babycord på ermene, og vevd bomull frå Stoff og stil på resten. 



Merkelapp bak i nakken 


Her er ein i str 4 år. Denne vart litt kort, sidan eg hadde berekna å ha skråband på kanten nede. Men plutseleg hadde eg laga vanleg opplegg utan å tenkje meg om...



 Noko eg lenge har tenkt på, er å prøve å lage utanpåliggande lommer. Syns dei er meir dekorative og viser meir av lommestoffet enn dei lommane eg har sydd tidlegare. 

Eg fekk det til! Tulla ein del med covermaskina mi i dag òg, syns det er noko herk å finne dei rette innstillingane. Men buksa vart no ferdig. Brun babycord frå Stoff og Stil, og minstertruckar frå Sydilla. 
Str 6 år. 


Lomme på nært hald, var visst ikkje heilt bra bilde. Neste gong må eg lage litt større opning til å stikke handa ned i. 


***

Fyrste syprosjekt

I går hadde veninna mi  og eg sydag. Då rigga vi oss til i stova her med 5 symaskiner og diverse utstyr, og småjentene mine vart veldig interesserte. Dei ville òg sy! Sidan eg ikkje gadd å rydde opp alt i går kveld, stod alt klart då vi kom heim frå jobb og skule i dag. Så etter at leksene var unnagjort, var det å velge seg kvar sitt stoff, og så skulle det syast putetrekk. Til alt hell fann vi to ileggsputer som var ledige, så desse skulle få trekk.  


Nora valde eit stoff med fuglar på...


Og Kristina valde eit småblomstrete stoff. Eg trur begge er frå Stoff og stil. 
Dette er enklaste sort putetrekk, skjer, brett og sy to saumar, så er vi ferdige. 




Godt nøgde og stolte jenter. 


lørdag 12. januar 2013

Anna's bolero x 2

Omsider eit strikkeinnlegg herifrå igjen! Dei siste vekene har eg sysla med kvar sin bolero til tvillingjentene mine. Eg har teke utgangspunkt i oppskrifta på "Anna's bolero" som eg fann oppskrifta til her. Eg har imidlertid auka talet på masker og mønsterrapportar, og tilpassa det til større born enn det oppskrifta tilsa. 
Garnet er  Lerke, ei blanding av bomull og merinoull, strikka på pinne nr 4. Knappane har eg fått med på kjøpet når eg har handla stoff hos Sydilla. 

Plagga kjem nok ikkje heilt til sin rett utanpå ulltrøyer, men seinare i dag skal vi i bursdag så då får vi prøvd dei utanpå kjolar. 


***

mandag 7. januar 2013

Forklekjole

Ein rosa sukkersøt forklekjole vart sydd i går. Rosa blomstrete babycord frå Stoff og stil, og eit einsfarga rosa stoff som eg trur eg kjøpte på Panduro ein gong. Hello Kitty strykemerke frå Hennes og Mauritz. Kjolen er vendbar og sydd av eige mønster. 


tirsdag 1. januar 2013

Og hobbyåret startar med...

...Monstertruckhuer. Fekk for ei stund sidan bestilling på nokre slike huer, og i dag fann eg endeleg tid til å sy dei. 

For fyrste gong har eg sydd huer med berre ein saum i sida, og den høver nok best å ha bak. Brukte denne framgangsmåten. Eigentleg ein grei måte å gjere det på, så dette trur eg eg kjem til å fortsetje med.  



Så håpar eg berre at huene vert passelege og alle vert fornøgde :-)

Godt nytt år!


Godt nytt år til alle blogglesarar! 
Satsar på meir kreativitet i 2013, så følg med!