Eg har sydd ei barselsgåve til ein liten kar som kom til verda for eit par veker sidan. Heldigvis fekk eg tak i meir av dette fine hjortestoffet, det passar godt i eit hjortedistrikt som her. Bodymønster frå "Heilt Spesiell", og bukse av eige mønster. Stoff frå Textart og Stoff og Stil.
Viser innlegg med etiketten Bukser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bukser. Vis alle innlegg
onsdag 11. september 2013
torsdag 8. august 2013
Diverse til marknad
No er det berre ei veke igjen til Sandanedagane, og då skal vi ha stand. "Vi" er Maren Lovise og eg, så det blir forhåpentlegvis ei variert bod, med hekla, strikka og sydde ting.
For tida syr eg så mykje eg får tid til, og prøver å bruke opp ein del av stoff eg har hatt liggande ei stund.
Her vart det nokre fargerike, lause ledige bukser til småbarn. Litt ulike storleikar frå 1-2 år og opp til ca 4 år.
Dette stoffet har eg hatt fleire meter av, både raudt og marineblått. Hadde opprinneleg ein plan med stoffet, men fann ut at det ikkje eigna seg likevel. Når eg for nokre dagar sidan kom over eit mønster/saumbeskrivelse på eit forkle, fekk eg lyst til å prøve dette. Sidan eg hadde mykje stoff vart det òg mange forkle, heile 15 stk. Dei er i to ulike storleikar, der den største passar til mine 7-åringar. Det er strikk i "halsreima", og borrelås på bandet som er rundt livet.
Ideen fann eg her.
Det vert som oftast sydd av strech-stoff for tida, men skuffene mine inneheld ein del stumme stoff òg. For å få brukt opp litt restar, har eg sydd desse singoallakjolane i str 2, 2 og 7 år. Mønster frå boka "Barn igjen".
søndag 14. april 2013
Inspirert av våren
Denne helga har eg fått litt meir etterlengta sytid. Maskinene har stort
sett vore tredde med raud tråd, og då gjeld det å halde seg til stoff som krev det. I tillegg er lamminga i gong her i bygda, men marihøner må vi vel vente litt med...
Detaljbilde av lammestoffet
Sett med bodyar og bukser i ulike størresar.
Dongeri frå avlagde dongeribukser.
Raud velour frå Stoff og stil, marihøner og lam frå Myllymuksut.
Testa òg ut ein ny type lommar eg ikkje har prøvd før, eg fann beskrivelse i denne kjekke bloggen.
...Og til slutt ei lita hue som kan passe til. str 46-48
mandag 14. januar 2013
Sydag
I går var vi to sydamer som innstallerte oss i stova, med til saman 5 symaskiner.
Målet mitt er å få komt igong igjen med sying til messer og slikt, eg planlegg å vere med på nokre til sommaren.
Sidan det er messer i vår og sommar, tenkjer eg at det kan vere kjekt med litt sommarkle. Singoallakjolar har eg lenge hatt lyst til å sy, og sidan skuffene med vevd bomull er stappfulle, passar det å få brukt opp noko av det eg har liggande.
Denne er i str 6 år. Babycord på ermene, og vevd bomull frå Stoff og stil på resten.
Merkelapp bak i nakken
Her er ein i str 4 år. Denne vart litt kort, sidan eg hadde berekna å ha skråband på kanten nede. Men plutseleg hadde eg laga vanleg opplegg utan å tenkje meg om...
Noko eg lenge har tenkt på, er å prøve å lage utanpåliggande lommer. Syns dei er meir dekorative og viser meir av lommestoffet enn dei lommane eg har sydd tidlegare.
Eg fekk det til! Tulla ein del med covermaskina mi i dag òg, syns det er noko herk å finne dei rette innstillingane. Men buksa vart no ferdig. Brun babycord frå Stoff og Stil, og minstertruckar frå Sydilla.
Str 6 år.
Lomme på nært hald, var visst ikkje heilt bra bilde. Neste gong må eg lage litt større opning til å stikke handa ned i.
***
torsdag 27. desember 2012
Julegåve
Romjula er vel hobbybloggarane si tid for å vise fram ting dei har gjeve vekk til jul. I år har eg ikkje laga mange julegåver, men til den minste i slekta har eg sydd eit sett.
Ho fekk body i Gekko-blomster, og tilhøyrande bukse i chenille frå Stoff og stil. Str 86.
I tillegg har eg sydd noko småtteri på bestilling, som skulle vere gåver.
Eit skjørt i str 7 år, frå boka "Barn igjen".
Eg sydde som tilegare nemnt i bloggen, to skjørt, men ho som skulle ha det valgte altså det med lilla kantar. Alle stoff frå Stoff og stil.
Desse siklesmekkene vart òg sydde på bestilling før jul, dei er med plastbelagt frotte inni, slik at ikkje væta skal gå igjennom.
Blomster og sommarfuglar frå Gekko, ugler frå Kreativ. (Trur eg det var).
***
Elles går jula med til kos med familien. I går var vi 22 stk til middag, og i kveld vert det minst like mange til kveldsmat. Fullt hus, litt trangt, men koseleg :-)
Ha ei fortsatt god jul!
***
lørdag 3. november 2012
Bodyar, huer og labbar
Ikkje så ofte eg styrar med blogging, så eg får ta litt oppsamling når eg fyrst er i gong.
Her er nokre bodyar i diverse størrelsar, og ei lita bukse til den eine bodyen. Dei med brune piggsvin er i merinoull, dei andre i bomull.
Eg har lenge hatt ein meter smalstripete jersey liggande, og for å få rydde litt måtte eg bruke den opp. (iallefall nesten) Den vart til 6 huer i to ulike storleikar, og når dei fekk på seg kvar sitt tøffe strykemerke, kan dei no bli greie huer for smågutar. Stoffet syns eg å hugse eg kjøpte på Stoff og Stil ein gong, og strykemerka er frå Hennes&Mauritz + ein sybutikk i Krakow.
Eit par tjukkelabbar i mjukt deilig Jarbo-garn. Damestorleik.
*****
onsdag 24. oktober 2012
Sydag i dag
I dag har eg hatt fri, og prioritert litt syarbeid. Det har blitt nokre bukser og bodyar til babyar/barn.
To vide, behagelege bukser, ei i str ca 2 år, og ei i 4-5 år. Den minste buksa er sydd utan sidesaum, av eit mønster eg har teikna sjølv. Babycord frå Stoff og stil, ribb derifrå òg.
4 bodyar og to bukser.
Body + bukse str 80
Body + bukse str 92
Bodyar i str 62 og 68
Jersey frå Fabelblå, og chenille og ribb frå Stoff og stil.
I tillegg har eg sydd nokre huer, men dei kom visst ikkje med i dag...
mandag 22. oktober 2012
Litt nytt frå sykroken og strikkepinnane
Så har eg fått sydd litt igjen. Når eg har stått og selt tinga mine, får eg ofte spørsmål om eg har noko som passa til ditt og datt, så no har eg planar om å lage nokre sett for salg.
Fyrst er det ein tunika/litt utoversvinga trøye i litt tjukt stretchstoff, med tilhøyrande dongeribukse. Buksa er sydd av ei avlagd dongeribukse. Litt vanskeleg å vurdere om buksa og overdelen passar til samme størrelse, men trur det skal vere sånn nokounde. Begge er eigne mønster.
Eit sett med body og bukse, bodyen er i str 86, buksa omtrent det same, kanskje litt større. Mønsteret til bodyen er frå "Heilt spesiell", medan buksa er eige mønster, sydd av ei gammal dongeribukse. Då buksa var ferdigsydd såg eg diverre at det var den buksa eg hadde søla litt hobbymaling på på jobb, eit par svake kvite målingsflekkar på framme. Mulig eg ikkje kan selge den, i så fall blir det på billigsal.
Trøye i str 6 år, eige mønster. Denne har eg ikkje noko attåt endå, men mulig eg kjem til å lage ei dongeribukse til denne òg. Må berre ha ein pause i buksesyinga, sidan eg trøbla ein del med den forrige. Mjuk deilig interlock i bomull.
Som sofaarbeid den siste veka har eg hatt desse sokkane. Dei er strikka i Senjagarn frå Nille, og passar til mine 6-åringar, dvs ca str 30.
***
lørdag 13. oktober 2012
Monsterbukse
Denne buksa har eg halde på med nesten eit år, følest det som. Så har den no har lege i ro lenge òg då. Her forleden fekk eg eit spark for å få den ferdig, då eg høyrde om ein liten gut som ville ha ei sånn bukse. (Eller kanskje det var mora som ville ha?) Så no er prosjektet fullført, så får vi krysse fingrane for at buksa er lang nok, viss ikkje får vi prøve på nytt igjen.
Maskesting er framleis ikkje mi greie, berre så vidt eg tør å levere frå meg dette, men eg får det ikkje til på betre vis, så då får det gå.
Snorer tvinna med kroken på mix-masteren, ein genial idè som eg las om på ein eller annan blogg for lenge sidan.
***
torsdag 12. april 2012
Lenge sidan sist..
Då er det ei stund sidan sist blogginlegg, så no får det bli eit oppsamlingsinnlegg.
Det blir for tida litt masseproduksjon av småting til Bygdenæringsdagane i Stardalen, der eg dristar meg til å ha ein stand.
Nokre fleire klemmepungar i friske fargar og motiv
Siklesmekker...
Eit hiv med nye huer...
Og nokre bukser til bodyar eg har sydd før. Tenkte eg skulle selge desse som sett.
Og så har eg strikka litt igjen...
Dette er nonstoptrøya - med mønster frå Ravelry. Strikka med tjukkare pinnar og garn enn oppskrifta seier, så den er lun og god. (Jade - pinne nr 4)
Eg vart ferdeig med denne på eit møte i går, og alle trudde det var ein kjole, sikkert pga den var så lang og smal. Men den er veldig elastisk, så den er heilt fin som trøye til ein 3-5 åring. Fin t.d som vest utanpå ei ulltrøye eller pologensar.
Her er eit eksemplar til, denne er større. Ca str 7-10 år.
Strikka i mjukt Alpakkagarn frå Sandnes, pinne nr 4.
Alt dette er for salg, men eg legg det ikkje ut på Epla-butikken min før etter messa, når eg ser kva som vert selt der. Om det er nokon som ynskjer seg noko av dette, er det berre å seie frå.
søndag 25. mars 2012
Gåve til tantebarnet
mandag 12. mars 2012
Strikkepinneetui og bukse
Abonner på:
Innlegg (Atom)










