Sist helg fyllte niesa/fadderbarnet vårt 5 år. Til henne hadde eg laga dette antrekket, trøye med fiolar og "redesign" dongeribukse med lommar og ribb i livet. Eit matchande panneband vart det òg. Kristina er modell, sidan mottakaren er omtrent akkurat like stor.
onsdag 25. januar 2012
mandag 16. januar 2012
lørdag 14. januar 2012
Vottar og hals
Eitt vottepar til i mønster frå Rauma, det tredje paret på rad i samme mønster. Vurderer no å finne eit anna mønster, men litt greitt når ein kan det nesten utenat då, går kjappare enn om ein skal sitje å glo ned på diagrammet heile tida.
Under orkanen Dagmar hadde eg denne halsen som strikketøy, enkelt strikk som ikkje krevde så mykje lys. Etter at lyset kom tilbake har eg prioritert andre ting, men eg likar ikkje å ha for mykje påbegynte ting liggande, så då mått eg ta meg saman å få denne ferdig. (Ein smule kjedeleg arbeid...?)
tirsdag 10. januar 2012
Trøye
Nora har fått seg ny trøye. Eg tenkte eg måtte prøve å sy litt kle som er større enn babystørrelse, så for å teste ut litt måtte eg lage litt til mine eigne fyrst. Eg teikna av etter ei trøye som jentene har, og så tok eg sjansen og klipte i (det dyre) stoffet. Resultatet vart no ganske ok, planen er å lage matchande bukse òg, men det blir nok ein annan dag.
Eg begynner etterkvart å opparbeide meg eit bra stofflager, likevel er det ikkje alltid eg har fargar som passar til kvarandre. Denne ribben er mørk plommefarga, av dei eg hadde tykte eg det var den som passa best, men eg ser no at det ikkje var heilt klaff.
søndag 8. januar 2012
Selbuvottar
Ein del strikketid framfor fjernsynet fredagskvelden og laurdagskvelden, samt i ein bursdag laurdag har resultert i dette paret.
Damestørrelse, strikka i Østlandsgarn frå Nille, oppskrift frå eit Rauma-hefte.
Har no funne eit oppskrift eg likar godt, så då gjeld det å få strikka nokre par slik at eg får lært meg mønsteret. Blir nok fleire slike, tenkjer eg. Må opparbeide litt lager av vottar igjen, sidan eg selde dei aller fleste på messer før jul.
torsdag 5. januar 2012
Meir til småbarn...
Eg driv for tida og prøver meg på litt nye ting som eg evt. kan selge på messer og slikt, det er jo kjekt å fornye seg litt, då.
For nokre dagar sidan bestilte eg meg silikonringar og klips til smokkesnorer, tenkte det kunne vere greie småting til messesalg og gåver. I dag kom pakken i posten, så då var det berre å prøve. Her har eg brukt nokre band eg hadde liggande. Vurderer sterkt å sy nokre av stoff òg, men så langt er eg ikkje komen endå.
Nokre fleire bodyar har det òg blitt. Tomt for trykknappar no, så det må eg få tak i meir av. (Jfr bodyen med fiolar...)
tirsdag 3. januar 2012
Nokre kle til ein liten kar
Guten til ei veninne av meg skal få teste ut ein av bodyane eg har sydd i jula, men når eg fyrst skal sende pakke til Sørlandet, hadde eg no lyst til å putte oppi litt til. Så då blei det matchande bukse, hue og siklesmekke i tillegg. Litt mykje elefantar kanskje, men han treng no ikkje bruke alt på ein gong.
Buksemønsteret har eg teikna sjølv, men eigentleg syns eg modellen var litt smal - lage den litt vidare ein annan gong. Babycord frå S&S, lomme-"tut" her. Siklesmekke sånn ca etter mønster frå boka Made by me, og huemønster frå Litefrø, har kjøpt det her.
Selbuvottar, ferdige for eit par dagar sidan, str dame.
Selbuvottar, ferdige for eit par dagar sidan, str dame.
søndag 1. januar 2012
Godt nytt år!
På tide å helse godt nyttår til dei som kikar innom her!
Nokre av jentene mine kledde seg ut og hadde ei lita runde til slekt og naboar i går, har blitt ein liten tradisjon det. Mor deira er lite fan av Halloween, så då får dei heller gå nyttårsbukk i staden.
Ikkje så mykje sying i ferien som eg hadde tenkt, men eg har iallefall fått prøvd meg på bodyar. Link til mønster i forrige innlegg.
Abonner på:
Innlegg (Atom)