tirsdag 22. mars 2011

Nøstebarntunika

Då har eg fullført nøstebarntunika nr 2, i lilla og syrin til Kristina. Var ikkje heilt fornøgd med Nora sin, så eg måtte ordne den litt ved knappane, samt kjøpe nye knappar. Men no var alle nøgde.
Tunikaen er som den forrige strikka etter oppskrift frå nøstebarn, oppskrift nr #1962, kjøpt som laus oppskrift. Garn er orginalgarnet frå Nøstebarn, 2-tråds.

søndag 13. mars 2011

Gensar til tantebarnet

Den vesle nevøen vår har fyllt 2 år, og merkeleg nok kom den bursdagen litt brått på. (?) Så skulle han få heimelaga gåve, måtte det verte noko kjapt.
Denne gensaren er etter oppskrift frå "Strikk til Nøstebarn",
mønster nr #1924, raglangenser i dobbelt 2-trådsgarn.
Med så tjukt garn og tjukke pinnar var det gjort på få dagar å få ferdig ein slik gensar.
Håpar den vert varm og god under dress og regnkle i barnehagen.


lørdag 12. mars 2011

12. mars

12. mars skriv vi i dag. Vipa og Tjelden skal vere rett rundt hjørnet, og her ser det slik ut...


Til og med desse jentene er begynt å bli metta på vinter no, snøen har lege omlag kontinuerleg sidan begynnelsen av oktober.



Eg vil ha vår!
Dette er det vi lengtar etter...






Fisketurar og bålkos I Traudalen, i år trur eg vi må nytte sesongen ekstra godt, sidan vintrane ser ut til å auke med ein månad i kvar ende her på Vestlandet.
Ha ei fin helg!

fredag 11. mars 2011

Nøstebarntunika til Nora

Då har eg fått fullført min fyrste Nøstebarntunika. Den er strikka i 2-tråds lammeull frå Askeladen dvs. originalgarnet som Nøstebarn sel. Fargane er Rosa og Fuchsia. Mønsteret vert selt på eige mønsterark, (mønster #1962) altså det er ikkje å finne i Nøstebarnboka.
Eg følgde oppskrifta heilt oppunder armane, men derifrå strikka eg ribb 1 r og 1 vr, og prøvde meg på ei slags rundfelling. Veit ikkje om resultatet vart heilt optimalt, det viser litt der eg har fellt. Og så ser eg på bilda at eg skal lage eit knapphol og sy i ein knapp til.





mandag 7. mars 2011

Nøstebarntrøye, labbar og nye prosjekt

Litt lenge mellom kvart innlegg her, men eg får ta ei oppdatering i dag.
Fyrst kan eg omsider vise fram denne nøstebarntrøya, strikka den ved juletider, og har endeleg fått overrakt den i gåve no. Håpar tantebarnet mitt som går i utebarnehage held seg god og varm i den.
Trøya er strikka etter oppskrift #1905, men med lange ermer i staden for dei korte som var i oppskrifta. Garnet er 2-tråds Askeladen merinoull/nøstebarngarn.

Innimellom er det blitt nokre sokkepar.
Desse barnesokkane er i restegarn, Fabel og Senjagarn.

Mannen har fått seg eit par lange og smale (etter ynskje) raggsokkar i Jarbo raggi-garn.
Tjukke og gode.

For tida har eg to prosjekt på gang, ein nøstebarntunika til ei av jentene. Tålmodigheitsprøve med tynt garn.





Elles er eg i ferd med å redusere mengda av restegarn i lageret. Har ein god del påbegynte nøste av Rubin, Smart, Safirgarn, Østlandsgarn og slikt. Eg sette jentungane til med nøstemaskina for å få laga små fine nøster, ei oppgåve dei krangla om å få gjere...






Så no skal det bli lappeteppe her. Planen er å få brukt opp alle smårestar, i tillegg har eg kjøpt inn koksgrått garn til å ha ytterst på rutene, slik at det blir ein heilskap i teppet.
Rutene er 15x15 cm store, så eg har rekna ut at eg treng 120 ruter for å få eit teppe på 150x180 cm. Er vel komt opp i ca 35 ruter no, så eg har no ein del igjen før eg er ferdig...


Mandagen er min fridag, litt husarbeid og litt hobbytid, så no skal eg ta eit par striper på tunikaen før eg gjer noko meir. Ha ein fin dag!