mandag 13. juni 2011

Bestemorteppe - endeleg ferdig!!

Då var endeleg dette "storprosjektet" ferdig. Begynte i slutten av februar, og har halde på meir eller mindre jamnt sidan det.




Her er 108 lappar, altså 9 x 12. Kvar lapp er ca 15 cm, så då skulle vel teppet bli ca 180 x 135, i tillegg kjem nokre cm med kant rundt heile teppet.




Materialane er restegarn, mest rubin, safir, østlandgarn, smart og den tjukkelsen. I tillegg måtte eg supplere med koksgrått til hovudfarge. Heklenål nr 3,5.



Lappane er hekla saman med ein metode eg fann på nettet. Veit ikkje om eg er 100% fornøgd med den metoden, det blei liksom litt "brettar" mellom kvar lapp, men det er mulig det rettar seg ut etter litt bruk. Eigentleg hadde eg tenkt å vaske og strekke teppet, men så langt er eg ikkje komt endå.

Kjekt å ha fullført mitt fyrste teppe, dette skal bli deilig å krype under på kjølege haustkveldar...