lørdag 31. juli 2010

Fisketur til Instevatnet

I dalen eit godt stykke innanfor hytta vår, ligg eit mindre vatn med ganske mykje fisk. I fjor var vi der, då var fiskane veldig små. I år var dei eit hakk større, og mange i talet. Trur vi fekk oppimot 40 stykker totalt. Jentene tykte det var stas med så mykje fisk, dei fekk sveive inn og ta på land mange fiskar kvar. Dei fekk òg handtere sprellande fisk og tåle litt fiskeblod.



Kristina var så heldig å få sveive inn ein av dei største fiskane, her ser de korleis det foregjekk...



Endeleg fekk vi mykje fisk når ungane var med, det var stas...

tirsdag 27. juli 2010

Garnhandel

Som nemnt har vi vore på tur igjen. Før vi reiste avgarde, laga eg eit innlegg på hobbyboden ang. tips til garnbutikkar eg burde besøke. Fekk tips om fleire, men det passa slik at eg fekk ein tur innom Morgrethe i Brumundal. Ein veldig fin butikk der alt var ryddig og ordentleg. I tillegg var der sjølvsagt mykje flott.

Kjøpte med meg dette:



Ein annan butikk eg kom meg innom var Husfliden på Lillehammer. Her var det òg mykje flott. Her vart det handla ein del Inka, og eit par nøster med Online sokkegarn.


Dette garnet har eg litt planar med, må sjå litt i "Myk start" om der er nokre fine oppskrifter til små mjuke babyplagg...



Sokkegarn er det alltid kjekt å ha liggande... Greit å ha eit lite lager av godsaker liggande til haustkveldane kjem.

mandag 26. juli 2010

Ny ferietur

Vi har jo allereide vore på ein ferietur til Sverige. Vi har imidlertid ein 11-åring som likar godt å reise på tur, så etter press frå henne vart det ein tur til. Denne gongen har vi leigd hytte på Steinvik camping i Moelv. Så har vi farta litt rundt her i distriktet, på ungane sine premissar. Det vil seie badeland, leikeland m.m. I skrivande stund er vi på leikeland, her er det til og med gratis internett. Eg har tilogmed fått meg ein tur på ein garnbutikk, skal heller lage eit innlegg om det når eg kjem heim.

Her kjem nokre bilete av gullungane....







Og her er min dessert ein av dagane...


Dette er siste dagen, i morgon reiser vi heimom eit par dagar før neste tur.

torsdag 22. juli 2010

Bakedag

Sidan vi skal på tur i morgon, har eg brukt dagen til å bake og vaske kle. Av bakst er det blitt pizzabollar, pizza, fletteloff, kanel- og vaniljebollar og rosinbollar.



Litt til niste til i morgon, og ein del til frysaren. Kjekt å ha.

Misslykka vottar

Ja ja, då er vottane tova. Det gjekk forsåvidt greit, to omgangar på 60 grader. Dei vart nokså små, men kan strekkast litt i fasong. Men TOMMELEN vart STOR. Får sjå om det i det heile tatt går an å bruke desse vottane.





Ja ja, betre lukke neste gong, men irriterande å bruke så mykje tid på noko som ikkje vart bra.

onsdag 21. juli 2010

Strikkelysta er på veg tilbake...

For eit par månader sidan uttrykte eine bror min ynskje om eit par tova vottar, til bruk under vindvottar. Dette var noko eg hadde tenkt på å prøve meg på, så no fekk eg ein god grunn til å prøve meg.



Eg fann oppskrift i eit Idena-hefte som eg fekk med svigermor, men brukte anna garn med omlag samme strikkefastheit. (Østlandsgarn). Vottane vart veldig store, så eg håpar dei tovar seg godt.

I skrivande stund er vottane i vaskemaskin, eg tok sjansen på 60 grader sidan dei var så store. Blir spennande å sjå resultatet.

Hyttetur...

Ferien har starta med dårleg veir. Vi hadde planlagt å vere litt på hytta i ferien, men i slikt veir er det ikkje alltid like kjekt. Når regnet ausar ned og skodda ligg tung ned til vatnet, er det begrensa kor lenge vi er der.

Måtte ut å lufte meg i går, men ingen fiskar beit. Eit par bilete frå mobilkameraet.





Hytta vår er utan straum og innlagt vatn. Det eg sakna mest med det, var sjølvsagt å ikkje få dusje når vi var der i fleire dagar. Men no har vi funne ei innretning som fungerer; to gamle badekar som vi fyrer under. Vatn får vi i slange frå ei elv. Når kvelden kjem og vi har fyrt oppunder nokre timar, er det fantastisk å legge seg opp i karet og nyte...


Vi har bygt hytte på ei moltemyr...


Kjørdalselva