onsdag 4. august 2010

Lillestakken

Her kjem eit av produkta av mine siste garnkjøp. Dette er Sandnes Mini-alpakka, mjukt og godt å strikke med.

Denne kjolen er etter mønsteret Lillestakken i boka Myk start av May B. Langhelle. Det var ikkje dette garnet som stod i oppskrifta, men strikkefastheita skulle vere omlag den same. Men eg synest likevel kjolen vart litt liten, oppskrifta var 9-12 mnd, men denne verkar mindre.



Her er kjolen framleis ikkje lagt i press.





Kjekt å strikke babykle, sjølv om eg for tida ikkje har nokon spesielle å strikke til. Så kjolen vert lagt i "varelageret" så lenge.

tirsdag 3. august 2010

Hals

Eg treng innimellom nokre enkle kjappe prosjekt. Så etter litt inspirasjon på nettet, har eg strikka denne halsen i Viking Balder. Mjukt, deilig garn som går fort å strikke med. Bileta får tale for seg. Planen er å strikke nokre pulsvarmarar òg, men så langt er eg ikkje komen endå.





søndag 1. august 2010

Babyteppe endeleg ferdig!

Endeleg vart dette prosjektet ferdig, det har teke ei stund. Her har det gått med 6 (+ litt til) buntar Babymerino frå Nille, strikka på pinne nr 6. Teppet er eit "Mor Signes babyteppe", strikka diagonalt. Eg har hekla einn kant rundt etterpå.



Dette går i messe- /gåvekassa. Kan vere kjekt å ha om ein skulle trenge ein sengjamat ein gong.

Garnhandel i Kalvåg

Vi har altså vore på helgatur til Kalvåg, og der er ein butikk med mykje kjekt. "Røysa spøt og tråd" trur eg butikken heitte. Måtte no sjølvsagt handle litt der, sjølv om eg ikkje er heilt lens for garn for tida. På nabobutikken selde dei villsaugarn, handfarga, dyrt og eksklusivt. Måtte prøve dette òg, det er dei hespene utan mageband. I tillegg kjøpte vi med oss krydder til kryddersmør, det får vi prøve å lage ein dag.



Som de ser er eg i det lilla hjørnet for tida, det fins so mange fine lillafargar...

lørdag 31. juli 2010

Rekebord på Knutholmen

Gjennom mannen sin arbeidsplass har vi høve til å leige ei bu i Kalvåg til ein rimeleg penge. Vi har vore her dei siste tre åra, og eit av høgdepunkta er rekebordet ved Knutholmen. I år er eldstejenta med på turen, såleis hadde vi barnevakt, så vi vaksne kunne gå åleine å ete.



Som alltid var maten og omgjevnadene heilt fantastisk, så dette kan anbefalast!

Fisketur til Instevatnet

I dalen eit godt stykke innanfor hytta vår, ligg eit mindre vatn med ganske mykje fisk. I fjor var vi der, då var fiskane veldig små. I år var dei eit hakk større, og mange i talet. Trur vi fekk oppimot 40 stykker totalt. Jentene tykte det var stas med så mykje fisk, dei fekk sveive inn og ta på land mange fiskar kvar. Dei fekk òg handtere sprellande fisk og tåle litt fiskeblod.



Kristina var så heldig å få sveive inn ein av dei største fiskane, her ser de korleis det foregjekk...



Endeleg fekk vi mykje fisk når ungane var med, det var stas...

tirsdag 27. juli 2010

Garnhandel

Som nemnt har vi vore på tur igjen. Før vi reiste avgarde, laga eg eit innlegg på hobbyboden ang. tips til garnbutikkar eg burde besøke. Fekk tips om fleire, men det passa slik at eg fekk ein tur innom Morgrethe i Brumundal. Ein veldig fin butikk der alt var ryddig og ordentleg. I tillegg var der sjølvsagt mykje flott.

Kjøpte med meg dette:



Ein annan butikk eg kom meg innom var Husfliden på Lillehammer. Her var det òg mykje flott. Her vart det handla ein del Inka, og eit par nøster med Online sokkegarn.


Dette garnet har eg litt planar med, må sjå litt i "Myk start" om der er nokre fine oppskrifter til små mjuke babyplagg...



Sokkegarn er det alltid kjekt å ha liggande... Greit å ha eit lite lager av godsaker liggande til haustkveldane kjem.