tirsdag 7. september 2010

Støylstur

Måndagane er min og tvillingane sin fridag no framover. I det siste har veiret vore heilt fantastisk, så denne mandagen ville vi vere UTE. Vi reiste difor i lag med mor mi til "barndomsstøylen" min, Esstøylen. Der var det blant anna hestar på beite, noko jentene tykte var stas.

søndag 5. september 2010

Ei fantastisk helg

Veiret er for tida upåklageleg, det kan desse bileta illustrere. Vi har hatt hytteovernatting, og eg har vore innom kantarellplassane mine.

Dette biletet tok eg med telefonen frå kanoen midt på vatnet. Ikkje godt å seie kva som er opp og ned på dette.



Skogens gull - litt fangst vart det.

torsdag 2. september 2010

Ny veske

Eg tykkjer eg får for lite tid med den nye symaskina mi, det er mykje som skjer på ettermiddagane, så det er lite fritid for tida. Men i går kveld fekk eg meg eit par timar i sykroken som eg har innreia på soverommet vårt. Har så mange ungar at her ikkje er noko rom ledig, men eige hobbyrom er jo darumen, sjølvsagt.

Denne veska såg dagens lys i går kveld. Kjøpte stoffet på den lokale sybutikken i går ettermiddag, hjertestoffet var eigentleg julestoff, men det går no fint an elles òg. Tenkjer no meir på sommar enn på jul når eg ser dette...



Veska er sydd etter samme mønster som den forrige veska mi (Nokre blogginnlegg tilbake). Ei rimeleg enkel veske i ein fasong eg likar. Spørs om dette vert gåve eller messesal, det vil tida vise.



tirsdag 31. august 2010

Babyjakke

No har eg strikka denne babyjakka som er ein del av eit hentesett frå Drops design/garnstudio. Oppskrifta ligg her. Pinne nr 2,5, str 6-9 mnd.

Jakka er strikka i Inca alpakkagarn. Det var vanskeleg å få dei rette fargane på bilda, det ser jo ut som den er rosa og oransje, men den er altså raud og oransje.







Har fått meg merkelappar til å sy på det eg strikkar.

mandag 23. august 2010

Ny symaskin og det fyrste produktet

Eg har den siste tida hatt veldig lyst til å begynne å sy igjen, men sidan symaskina mi har vore defekt, har ho ikkje vore framme på fleire år. Eg var dessutan ikkje heilt tilfreds med den maskina, og eg har forstått det slik at det er kome mykje nytt på symaskin-fronten sidan eg kjøpte Singeren min i 1991.

Så etter å ha forska litt på nettet, og blitt overtala av ei symaskin-selgar, har eg no gått til innkjøp av denne:



Har lyst til å ha litt muligheiter, både til å sy diverse kle og kanskje litt lappeteknikk viss eg finn ut det. Samstundes må maskina vere enkel å betjene og ikkje altfor stiv i pris.

Fyrste prosjekt på den nye maskina var denne veska/baggen. Materiale og mønster vart kjøpt inn for over eit år sidan, då eg var med ElingKathrines quiltestue


.





Hadde ikkje kjøpt inn vliseline, og ser nok at eg skulle brukt det for å få eit stivare mageband på denne veska. Men når eg fyrst er i gong, har eg ikkje tolmod til å vente til eg evt. får kjøpt det dagen etterpå...
Ikkje heilt perfekt resultat, men denne skal eg jammen ha sjølv, så då får den berre vere slik den er.



Mønsteret er dette. .

onsdag 18. august 2010

Pakke i posten

I dag har eg fått pakke i posten. Utruleg mange fine oppskrifter i den boka, gledar meg til å ta fatt.

tirsdag 17. august 2010

Bake hjertebollar

Fredag var vi til Førde med flyttelasset til eldstejenta, og då var eg såvidt innom eit par butikkar òg. På "ting" kjøpte vi silikonformer til baking, og i dag hadde Kristina så lyst til å prøve dette. Så eg miksa i hop ei deig med både grovt og fint mjøl, samt brødkrydder frå Devika.



Jentene likar godt å bake, så det var ikkje lenge gjort å fylle desse formene. Men etter steiking og heving var det ikkje så lett å sjå at det var hjertebollar, med mindre vi snudde dei opp ned. Så då er litt av morgondagens lunsj ordna!