torsdag 5. januar 2012

Meir til småbarn...

Eg driv for tida og prøver meg på litt nye ting som eg evt. kan selge på messer og slikt, det er jo kjekt å fornye seg litt, då.




For nokre dagar sidan bestilte eg meg silikonringar og klips til smokkesnorer, tenkte det kunne vere greie småting til messesalg og gåver. I dag kom pakken i posten, så då var det berre å prøve. Her har eg brukt nokre band eg hadde liggande. Vurderer sterkt å sy nokre av stoff òg, men så langt er eg ikkje komen endå.



Nokre fleire bodyar har det òg blitt. Tomt for trykknappar no, så det må eg få tak i meir av. (Jfr bodyen med fiolar...)








tirsdag 3. januar 2012

Nokre kle til ein liten kar

Guten til ei veninne av meg skal få teste ut ein av bodyane eg har sydd i jula, men når eg fyrst skal sende pakke til Sørlandet, hadde eg no lyst til å putte oppi litt til. Så då blei det matchande bukse, hue og siklesmekke i tillegg. Litt mykje elefantar kanskje, men han treng no ikkje bruke alt på ein gong.

Buksemønsteret har eg teikna sjølv, men eigentleg syns eg modellen var litt smal - lage den litt vidare ein annan gong. Babycord frå S&S, lomme-"tut" her. Siklesmekke sånn ca etter mønster frå boka Made by me, og huemønster frå Litefrø, har kjøpt det her.



Selbuvottar, ferdige for eit par dagar sidan, str dame.






søndag 1. januar 2012

Godt nytt år!

På tide å helse godt nyttår til dei som kikar innom her!



Nokre av jentene mine kledde seg ut og hadde ei lita runde til slekt og naboar i går, har blitt ein liten tradisjon det. Mor deira er lite fan av Halloween, så då får dei heller gå nyttårsbukk i staden.




Ikkje så mykje sying i ferien som eg hadde tenkt, men eg har iallefall fått prøvd meg på bodyar. Link til mønster i forrige innlegg.







Stoff frå diverse nettbutikkar, stoff og stil, tiljamiid, m.fl.

tirsdag 27. desember 2011

Mine fyrste bodyar

Eg har lenge hatt lyst til å sy bodyar, og no fann eg ut at eg skulle prøve. Det gjekk stort sett greitt, men litt prøving og feiling må ein vel tillate seg. Må bl.a. finne ut kva som er passeleg mht å strekke ribben for å få det passeleg og fint.


Mønsteret har eg funne her. På body nr 2 endra eg litt på måten å sy på kantebandet på trusa, elles hadde eg halsribben eit par-tre cm lengre enn det stod. Størrelsen er 74-80.




Vi har delvis vore utan straum nokre dagar, så då har det blitt strikking i ledige stunder. Når eg har hatt lys nok, har eg putla med desse vottane.




fredag 23. desember 2011

God jul til alle!



Her er frå gårsdagen, då vi henta juletreet vårt.




Og so skal det pyntast. Her i huset er det kun å setje treet på fot, resten ordnar ungane...




Ja ja, iallefall eit barnepynta tre...





Og sidan dette er ein hobbyblogg, så får eg ta med eit par selbuvottar eg har strikka no før jul.



God jul!






søndag 11. desember 2011

Diverse testar

Sjølv om det er helg i desember, og ein burde gjort mykje juleførebuingar, har eg sydd litt denne helga òg. Har hatt nokre ting i tankane som eg hadde tenkt å prøve ut.






Her er ei vinterhue frå boka "Made by me"- Kobralue. Den er sydd i ullfilt, fora med fleece, så den vart mjuk og god å ha på seg. Eg gjorde nokre endringar på mønsteret for å få endra den til større størrelse, men veit ikkje heilt om det vart så vellykka. Klaffane til å ha under haka skal det eigentleg vere knapp i, men eg gjorde dei kortare for å berre ha dei til øyreklaffar utan knapp. Kristina som ville ha hua, ville imidlertid ha knapp, så vi får sjå kva vi får til. Litt eksperimentering må til for å få det optimalt.



Ein myntpung - også frå boka Made by me. Stoff frå Tilda.



Så har eg lenge tenkt å prøve meg på kanting med ribb, med vanleg symaskin. Eg fann framgangsmåten på sykroken.net. Der er det mange fine tips å hente for oss som vil lære å sy.



Er brukbart fornøgd, men treng meir trening. Det er så mykje fint ein kan sy viss ein lærer seg litt ulike teknikkar.



Ha ein fin kveld og ei god hobbyveke!








torsdag 1. desember 2011

Litt meir messeprodukt...

Messa forrige helg gjekk veldig bra, eg fekk selt nokså mykje. Til helga igjen skal eg på ei messe på andre sida av fjorden, og i forbindelse med det "måtte" eg sy meir av det som eg selde mest av sist.

4 nye strikkepinneetui...

14 nye posar i julestoff...


To forklekjolar...


4 nye fleecekjolar, eit par av dei i litt større størrelse enn eg har laga før. Kanta med blondar.


Så då står det berre igjen å lage liste over alt, og setje nokre nye prislappar på. Så trur eg eg seier meg ferdig med messeproduksjon for i år.