torsdag 15. oktober 2009

Bursdagsfeiringar og nye huer

I desse dagar har det mellomste barnet mitt runda 11 år. Tradisjonen tru er det to feiringar, ein for familie og ein med veninner. I forkant av familieselskapet var det mykje arbeid, her skulle det nemleg lagast tapas. Hanna er sjølv veldig engasjert, så ho hjelper til på kjøkenet så mykje ho kan. Her lagar ho små spyd med melon, oliven og spekeskinke.


Noko vi òg serverte var rullar med lompe, snøfrisk, røykjelaks, kvitløk og persille. Rikt på smak, og veldig godt.


Her er heile kjøkenbenken med mat.

Hanna skal òg ha selskap med veninnene sine. Ein dag eg var vekke på kurs, skulle ho og storesystra lage invitasjonar. Sidan skrivaren til dataen ikkje virka, var det berre å begynne å klippe og lime. Resultatet vart kjempeflott, tykte eg. Så då er det berre å glede seg til fredag då selskapet skal gå av stabelen.




Det har vore ei travel veke, men innimellom er det blitt litt strikking òg. Tvillingane trengde nokre nye varmare huer til vinteren. Dei fekk velje fargar sjølve, og ikkje uventa vart det rosa med litt attåt. Med Hello Kitty framme vart begge fornøgde.


Jentene er begynt å teikne ein del. Her har Nora teikna mor si. Eg syns det var ei sjarmerande lita teikning, så den må visast fram.






lørdag 10. oktober 2009

Ullbukse og handel på Moa

I lag med ei svigerinne og hennar døtre, har eg og mine tre yngste jenter vore på mini-haustferie på Moa. Vi var i leikeland og i svømmehallen, elles vart det litt handel og eting bl.a. på McDonalds. Sidan vi skulle rekke over alt, måtte vi ha ei overnatting på hotell, og det var deilig.
Medbrakt handarbeid på turen var ei ullbukse som eg hadde begynt på tidlegare i veka, og målet var å bli ferdig på turen. Det heldt akkurat, eg felte av på siste foten på ferja Lote-Anda på heimvegen. Oppskrifta har eg henta herifrå. Resultatet vart slik:


Det vart ikkje mykje handel, men eit par ting vart no med heim. Fyrst 3 nøster med Regia sokkegarn... (No må eg jammen begynne å slanke sokkegarn-lageret snart). Eg likte fargane godt, så dette gledar eg meg til å ta fatt på.



På HM fann eg noko eg har leita lenge etter, symerker med Hello Kitty. 3 stk i pakken, kosta 29,90. Desse satsar eg på å bruke til å piffe opp diverse halsar, huer, panneband og anna det måtte passe på.



I tillegg vart det ein liten ting til ein annan hobby, ei lita bok med Tapas-oppskrifter. Alltid kjekt med litt nye idear til kva ein kan servere gjester. Og sidan vi har ein 11-åring i dag, og skal ha familieselskap i morgon, blir det høve til å teste ut litt ganske snart.

torsdag 1. oktober 2009

Nytt sokkepar


Ikkje så veldig mykje å skrive om dette. Ordinære labbar strikka i mellanraggi frå Jarbo på pinne nr 3. Ganske langt brot, så dei skal vere varme og gode. Måtte begynne på nytt nøste like før hælen på sokk nr 2, og fekk det ikkje heilt til å stemme med stripene etter det. Men pytt sann, dei er nok like varme likevel.

tirsdag 29. september 2009

Tova tøfler





No er mitt fyrste par med tova tøfler ferdige. Dei er strikka i Cortina med pinne nr 7, og tova på 60 grader. Eg er bra fornøgd sjølv, bortsett frå at tøflene ikkje ser heilt like ut. Den eine er litt lang og smal, den andre kortare og breidare. Det er likevel ikkje snakk om stor forskjel, så når dei kjem på dei føtene dei skal vere på, formar dei seg vel fint.

Pynten er heimelaga òg, flak med tova ull som vart klipt ut og sydd perler på.

Dette var kjekt arbeid, så når eg kjem meg på Sparkjøp snart, skal eg handle inn meir garn til dette.

søndag 27. september 2009

Hue, tøfler og nok ein barselspresang.

Dette har vore ei bra helg med strikking. Fekk fyrst ferdigstilt ullbuksa i forrige innlegg, sidan har eg laga ei hue og eit par tova-tøfler. Tøflene er i maskina no, etter ei runde var dei for lite tova, så vi får prøve eit litt hardare program. Tenkjer òg å lage nokre blomster av ullfilt og montere på, ferdig resultat kjem seinare.



Hue str 8 år, strikka i Smart. Modellen er noko yngre enn 8 år, så den ser naturleg nok litt stor ut.




Tøfler før toving.
Veninna til eldstejenta fekk ein gut denne veka, og allereide tidleg i sommar var gåva "bestilt". Den har lege ferdig ei stund, men eg kunne jo ikkje blogge den før den var overrekt. Mor Signes diagonalstrikka teppe i babyull og ei lita djevelhue.

lørdag 26. september 2009

Ny ullbukse og eit par barnesokkar

Siste veka har eg strikka på ei ullbukse i str 4 år. Etter min smak tar det litt lang tid å strikke ei slik bukse, men resultatet trur eg blei bra. Buksa er tenkt til julemessa, og den skal matche ein gensar eg har strikka tidlegare.



Stor og god til 3 1/2-åringen.







Eit lite sokkepar. Strikka av eit fargerikt garn som eg hadde med i denne bloggen for nokre innlegg sidan. Syns eigentleg ikkje det vart særleg fint, fargane skifta altfor ofte, så det vart for spraglete etter min smak.

søndag 20. september 2009

Jaktenke-laurdag

Då er hjortejakta i gong, og laurdagane gjeld det å finne på litt i lag med ungane. Denne dagen var det fint veir, og vi gjekk på tur til støylen til foreldra mine. Jentene leika og kosa seg i fineveiret, og eg fekk meg ei god økt med strikking.


Med dette får eg òg blogga vestane som eg strikka til jentene i august. Mjuke og gode i Gullgarn, oppskrift frå Sandnes. Enkle og greie og strikke.

Hytta til foreldra mine.


Småjentene mine, Nora og Kristina, 3 1/2 år.


Nora
Kristina




Rømegrautservering i friluft - kan det bli betre?




Ein liten tur i kantarellskogen fekk vi òg. Litt seint i sesongen, men nokre bra eksemplarar fann vi.