tirsdag 22. februar 2011

Mi fyrste...

Ved årsskiftet hadde eg nokre nyttårsforsett som gjaldt handarbeid. Eit av dei var at eg skulle lære meg å hekle oldemor-/bestemorruter. Eg syns det er så fantastisk flott med lappeteppe sett saman av slike, og dette må vel eg òg klare?


På ei surferunde tidlegare i dag kom eg over ei oppskrift på Nøstebarn sine sider. Henta dei nærmaste garnrestane og ein heklekrok, ilte inn på Youtube for å sjå kva stavar var for noko, og så var eg i gang. Og her er mi fyrste rute:


Eg er stygt redd for at eg kan få dilla på dette, det var jo moro! (Spør meg igjen når eg har hekla nok til teppet mitt...) Iallefall veit eg no kva eg skal bruke restegarnet mitt på framover...

mandag 21. februar 2011

Selbuvottar

To par nye selbuvottar i dag. Strikka etter gratismønster frå nettet, herifrå.
Det lysegrå garnet er Safirgarn, det mørkegrå er Østlandsgarn. Pinne nr 3.
Dette paret er strikka i Østlandsgarn.




Eg strikka dei brune fyrst, syntes dei vart litt store. Så på dei grå prøvde eg å strikke strammare, og dei vart meir passelege til ei damehand.








onsdag 16. februar 2011

Strikkepinneetui og "Besta" sin bursdag

I går fylte mor mi heile 81 år, og mandag, midt imellom morsdagen og bursdagen reiste småjentene mine og eg på besøk. Som gåve hadde vi bl.a. med dette strikkepinneetuiet som eg har sydd. Eg har brukt framgangsmåten frå Pickles.


Kristina skreiv denne helsinga til bestemora si.


mandag 14. februar 2011

ENDELEG!

Endeleg er eg ferdig med dette prosjektet som har teke mykje tid den siste månaden. Var eigentleg lei etter ei jakke, men ei er ofte berre halvveis hos oss.


Mønsteret er henta frå Dalegarn sitt hefte Mini Klassisk.
Garnet er Daletta, pinne nr 2,5 og 3. Størrelse 6 år til desse jentene som nettopp har fylt 5. Angrar bittelitt på at eg ikkje strikka 8 år, jakkene kjem ikkje til å vere passelege i veldig lang tid, men sånn er det vel med slike som veks heile tida.
Det å strikke jakker er no eigentleg heilt greitt, til ein kjem til monteringa. Føler det blei litt lite profesjonelt, men jakkene heng i hop, og sidan vi skal ha dei sjølve får det vere greit.

søndag 30. januar 2011

Selbuvottar

Har for tida litt dilla på vottar, og har tidlegare strikka nokre barnevottar. No var det tid for å få litt vaksenvottar i lageret. Sidan eg syns dei fine selbuvottane på pinne nr 2 er litt tålmodigheitskrevjande, var eg no ute etter noko kjappare i litt tjukkare garn.
Desse er strikka etter oppskrift 9, barnevott i heftet Selbustrikk frå Raumagarn. Men med tjukkare garn og pinnar vart dei i damestørrelse. Pinne nr 3 og 3,5 i Safirgarn. Garnkostnad 20-30 kr.
Desse grå vottane er strikka etter mønster frå Sandnesgarn sitt hefte Klassikere tema 15. Safirgarn, pinne nr 3 og 3,5. Dei er i ein nokså stor herrestørrelse.




Ha ein fin søndag!



mandag 24. januar 2011

Lettstrikka huer

I dag kan eg vise fram eit par nye huer. Den brune er frå ei oppgåve i Lille Rosins hobbykalender for januar. Grei hue, men eg forstod ikkje heilt framgangsmåten for brotet på hua, så den blei nok ikkje heilt etter mønsteret. Strikka i gullgarn på pinne nr 6 og 7. Det er ei vaksenhue, men i mangel på vaksne modellar, måtte vesle Kristina trå til.
Den kvite hua er litt samme type, men meir inspirert av ei hue eg såg på ei lita jente på butikken. Vrangbord, holrad med sløyfeband i, og elles samme strikk som på den brune hua. (1 omg rett, neste omgang 1 vr og 1 rett ned i forrige maske).
Kvit hue er strikka i Alfa glitter, på pinne nr 6.

søndag 23. januar 2011

Labbar og litt til

Lenge mellom innlegga her på bloggen for tida, det skuldast vel mest langtidsprosjekt som ikkje blir ferdige...
Men som innimellomprosjekt i det siste har eg hatt desse labbane, strikka i garn frå villsau. Dyrt og eksklusivt med andre ord. Hadde berre to buntar og var redd for å få for lite garn, så brotet vart i kortaste laget. Lyt til å lære meg tå-opp-sokkar, skjønnar eg.

Ja ja, litt garn vart det igjen. Får sjå om det rekk til noko, kanskje nokre striper i eit anna prosjekt?
Og om nokon skulle lure på korleis det går med Vossa-koftene til to av jentene mine, kan eg røpe at eg er komt så langt: Halvveis!
Eg lovar fleire bilder når eg er heilt ferdig.

Hadde faktisk gløymt kor mykje arbeid det er med montering av jakker, no hugsar eg kvifor eg eigentleg svergar til raglan- og rundfellingsgensarar...