Dei brune er strikka av Artic, og dei grå av Iglo soft, begge kjøpt på Europris. Oppskrifta er ein tilpassa versjon ev denne.
fredag 29. juli 2011
torsdag 28. juli 2011
Selbuvottar
Dette er noko eg tykkjer er kjekt å lage, så innimellom får eg periodar då eg berre må strikke nokre vottar. Då vi var på tur kjøpte eg meg eit par nye votte-hefte, kjekt med litt ulike mønster å velje i.
Men denne gongen klarte eg noko eg ikkje har gjort før...

To venstrevottar.
Dermed måtte det bli to par slike. Strikka i Rauma 3-tråds strikkegarn, etter mønster i eit Rauma-hefte.
torsdag 21. juli 2011
Feriestrikk
Då er vi tilbake etter nokre dagars tur til Trøndelag. På slike turar blir det ein del bilkøyring, og bra med strikketid både i bilen og elles. Endeleg fekk eg fullført rullegensaren til Nora, den har eg halde på med sidan begynnelsen av juni. Så greitt for samvittigheten å få fullføre prosjekt.
Ja då, tidlegare hadde eg eit mål om å alltid ha berre eitt prosjekt om gongen, men dette har nok sklidd ut. Eitt prosjekt på hytta, eitt "enkelt" til å ta med vekk eller til bilkøyring, plutseleg er det ei gåve som hastar litt +++, så ballar det på seg. Men nett no har eg berre tre - trur eg.
Rullegensar etter Nøstebarn si gratisoppskrift
2-tråds merino lammeull frå Askeladen, fargane rosa og bringebærrød. Str 8 år, litt stor til denne 5-åringen, men ikkje verre enn at det går fint.
Etter at gensaren vart ferdig, måtte eg finne på noko nytt. Hadde ikkje planlagt noko, men garn og utstyr er å få kjøpt, så det er veldig greitt. Inn på nærmaste Nille og kjøpe pinne nr 4, og grave fram noko i handleposen frå ein av stoppestadane på vegen, og så vart det kjøkenklutar.
Desse er strikka etter oppskrift på Husmor Marias kopptue.
Garntypane eg har brukt er Pt Helårsgarn, Rauma Oktett og Paris. Klutane vart veldig mjuke og gode, og oppskrifta er enkel og veldig grei. Eg har faktisk fått litt dilla, så eg ser ikkje bort i frå at det vert endå fleire slike...
På turen fekk eg sjølvsagt lurt meg innom diverse butikkar med garn og tilbehør, skal sjå om eg får laga eit innlegg om det ein av dagane.
mandag 11. juli 2011
Labbar
Då var endeleg desse labbane ferdige, dette spøtet har eg hatt på hytta ei stund no.
Strikka i Online sokkegarn, "blåbærvaflemønster".
lørdag 9. juli 2011
Pappa sine bukser...
...er blitt til kjolar. Her har eg brukt fantasien. Ikkje noko mønster, og kanskje ikkje heilt perfekt snitt. Kjolane er fora med stoff frå Stoff of Stil, applikert på nokre hjerter. Dei store hjerta midt framme er lommar.

onsdag 6. juli 2011
Rausetstøylen
For tida er veiret her heilt fantastisk, og vi prøvar å nytte dagane godt sjølv om vi ikkje har ferie endå. Her i bygda har trimgruppa begynt med noko nytt, nemleg "Mini-hardhausen". Dette går ut på at borna under 10 år skal innom eit visst tal trimpostar i løpet av sesongen.
I dag var det tid for Rausetstøylen. Gamle støylsvegar med trappetrinn er fint for ungar å gå, og her var jentene sprekare enn mora.
Vel oppe var jentene frå seg av begeistring over den flotte utsikten. Dette må vere det flottaste utsynet frå ein støyl, iallefall rundt denne fjorden.
Litt drikke og ein turbar gjev ny energi...
Her såg vi heile bygda og vel så det.
mandag 4. juli 2011
Storfiskaren
Vi har hatt nok ei fantastisk hyttehelg. Denne helga vert nok ekstra minnerik, sidan mannen min har persa seg. I ein alder av 41 år har han fått si største fjellaure i dette vatnet, og det var no ei stor oppleving for oss som var med.
Den stolte fiskar med storfisken. Ved sidan av ligg mine småpinnar.

Og vekta stoppa på...
Medan vi stod og fiska, kom ei ørn siglande inn over vatnet. Eg forbannte at eg ikkje hadde fått med meg det skikkelege kameraet mitt med det nye objektivet... Grr. På dette bildet teke med mobilen er ørna berre ein liten prikk... (Viss ein ser den i det heile tatt.)
No er det avslapping med dette utover kvelden. Rullegensar til Nora.

Ha ein fin kveld!
Abonner på:
Innlegg (Atom)





