søndag 28. mars 2010

Praha-tur

Som gåve til min straks 40-årige mann, har eg ei god stund planlagt ein tur til Praha i lag med eit anna par der mannen òg fyllte 40. Billettar vart bestillte i haust, men jubilantane skulle få dette som ei overrasking, så dei visste ikkje noko før like før avreise. Vi stod opp midt på natta og reiste frå sludd og pøsregn. Då vi flaug innover Praha var det ikkje ein snøflekk å sjå, og sola skein. Temperaturen var òg fin, så vi kunne gå i T-skjorter på dagtid. Nokre bilder frå turen må de òg få sjå.
Venceslas Square. Her var det tettpakka med folk under lausrivinga frå kommunismen i 1989.

Utsyn frå the Powder Tower som vi var oppe i. Her ser vi bortover gata der vi budde, i retning Old Town Square.

Utsyn frå høgdedraget der palasset ligg.

Charles bridge.

Den berømte astronomiske klokka. Denne kan du lese meir om her.

Kveldsbilde mot palasset.

Noko som facinerte meg var desse sjokoladebutikkane. Fantastisk mykje flott og godt.





Ein av dagane var vi med på ei utflukt til Kutna Hora, ein gruvelandsby eit stykke utanfor Praha. Kjekt å sjå litt utanfor dei typiske turistplassane. Her var vi inne i the Bone Church, ei kyrkje dekorert med beinrestar frå 40 000 menneske som strauk med under svartedauden. På den tid var det gravplassar over alt, og restane skulle ryddast vekk når dei skulle dyrke jorda. Så vart dei til dekorasjonar i denne kyrkja. Noko uhyggeleg tykte eg, men facinerande.




Her er frå ei anna utflukt vi var på, ein 6-timers guida tur gjennom byen. Innkludert ein båttur på elva som renn gjennom byen.

God mat var òg viktig å prøve. Her er desserten min ein av dagane, creme bruilee. Nam!

Kjøpesenter måtte vi òg innom. Mannfolka var mindre begeistra, men der var jo pubar overalt. Når der i tillegg var fine damer som gav dei handvask og smørjing med handkrem, var alt topp.


Her er inngangen til hotellet vårt. Hotellet hadde det meste, sentralt, billig og bra. God frukost òg, så dette kan anbefalast.

Kjekt å vere på tur, men veldig kjekt å kome heimatt òg. Flott med støtteapparat heime som har teke seg av hus og ungar medan vi har vore vekke.

5 kommentarer:

Aud Marit sa...

Takk for bilder Lena. Det blir nok ein Guida tur på oss og. Synest vi får eit bra utgangspunkt til trakking etterpå.Så har vi fått billettar til Elyon JOhn konsert. Dei er komt heim til oss.(vonar dei er ekte!!)GOD PÅSKE!!

Leei sa...

Heisann. Ja eg anbefalar ein guida tur eller to, blir litt drygt å berre gå å trakke på måfå heile tida. Turen ut av byen var eigentleg veldig grei å vere med på, så kom ein litt utom masseturismen. Elles var vi med på The ultimate tour, der fekk vi med oss mykje av det som var i sentrum. God påske til deg òg!

Elin sa...

Dette var ei positiv overrasking, via Elin G. sin blogg fann eg deg, visste ikkje at du blogga, eg har gjort det i over 3 år no! Nydelege bilete frå turen dykkar, og andre bilete på bloggen, ser at tvillingane er like som to dråpar vatn, og at dei blir meir og meir Eide... Takk for det fine du strikka til Aron! Litt av ein produksjon du har. Kanskje du vil vere med på lappeklubben vår? Eg adm ein blogg for den og, du finn link på bloggen min. Kjekt å sjå at de to "gamle" elevane mine er så kreative! God påske!

Anonym sa...

Takk for trivelig reisefølge!
God påske!

Leei sa...

God påske til dåkke òg!