No har eg endeleg fullført denne, som eg frykta kom til å bli liggande ei stund. Garnet er Rubin frå Sparkjøp, pinne nr 3 og 3 1/2. Mønster frå Sandnes. På den gensaren eg strikka tidlegare, bytta eg perlestrikk-brotet med vanleg vrangbord, og eg må seie at eg var meir fornøgd med det. Her er det imidlertid perlestrikk som det står i oppskrifta. Litt pressing, så vert det kanskje penare, men så langt er eg ikkje komen endå.
Denne gensaren har ikkje mottakar, så eg tenkjer å prøve å få selt den på julemesse eller noko slikt. Kva kan eg ta for ein slik gensar? Tippar garnkostnadene er på nærmare 200 kr.
2 kommentarer:
Flott genser. Har veldig lyst på en marius genser selv ;)
Tror nok godt du kan ta mer enn 200,- for den.
En skal jo ha litt fortjeneste utenom garnet også ;) Har selv sett små barnegensere til salgs for mer enn dette.
Eg ser at på Epla selgast ein Mariusgenser str 8 år for kr 450. eg synest no det er billig, det går trass alt med ein del timar å strikke den.
Legg inn en kommentar