torsdag 15. juli 2010

Lite aktivitet her...

...Vi har vore på tur...

Det er ferietid, sjølv om eg jobbar litt denne veka òg. Forrige veke hadde vi fri, så då var gubben, småjentene og eg på ein ferietur. Sonen vår er i Sveits i lag med bestemora og kusina si, og eldstejenta har vore heime og jobba. Fyrst gjekk turen til Østfold der vi handla ny bil, derifrå køyrde vi med to bilar til Sunne i Sverige. Vi hadde høyrt mykje fint om denne plassen, så dette måtte vi prøve. Overnattinga vår foregjekk i telt, og så lenge veiret er fint er det supert. Sidan vi har Caravelle får vi med oss madrasser og dyner òg, det gjer jo comforten litt betre.

Medan vi endå var i Noreg var vi innom Fredriksten festning der dei spelar inn "Allsang på grensen." Det var ikkje innspeling då vi var der, men dei øvde, så vi fekk no sjå eit par kjendisar. I Sverige vart det bading både innandørs og utandørs, leik på leikeplassen, besøk i ein park og latmannsliv. I tillegg måtte vi jo prøve nokre restaurantar. Sidan vi stort sett var heldige med veiret, hadde vi ein roleg og flott tur. Sunne kan absolutt anbefalast som ferieplass med familiar!



Sidan dette i utgangspunktet var ein hobbyblogg, kan eg no nemne litt om korleis det går på hobbyfronten. Eg har for tida 4 strikketøy liggande, to på hytta og to heime. Inspirasjonen manglar, så det går TREIGT. Dei som ventar på nye strikkeoppdateringar må nok vente ei stund, er eg redd. Får prøve å kome i gang igjen litt no når eg begynner på 3 samanhengande ferieveker kl 15.45 i morgon.

1 kommentar:

Signe sa...

Kjenner meg igjen på mangel på inspirasjon med håndarbeidet! Nå har det ligget brakk her en lang tid, men plutselig løsnet det og nå er jeg på´n igjen :-)
God sommer og lykke til med å finne motivasjonen din igjen, jeg venter i spenning på å se flere flotte kreasjoner fra din kant :-)