For tida går det i juleførebuingar, og alt kan sjølvsagt ikkje bloggast. Men mine foreldre på over 80 år les ikkje hobbybloggar (eller noko anna på internett), så eg tek sjansen på å vise fram litt av gåvene deira før jul.
Etter ynskje blir det tova-tøfler i år. Desse er strikka av Cortina og tova på 60 grader. Her er eit av para før toving (i lag med ein isskrapevott).
Og her rett frå vaskemaskina, litt små....
Men etter strekking og påsying av skinnsålar frå Hillesvåg fabrikker, ser tøflene slik ut. Får håpe dei varmar.
3 kommentarer:
Så fine tøfler! De er sikkert varme og gode å ha i kulda. Kjekt med nøstemaskin og hespetre også.
Kjempeflotte tøflar. Desse vert gode og varme i vinterkulda. Så kjekt med nøstemaskin og hespetre,- det må eg vise min kjære mann. ;)
Kjempefine tøfler :-) Det blir dei nok glade for :-)
Legg inn en kommentar