søndag 2. oktober 2011

Vesker og kjolar

Så har det vore helg igjen, og eg har lurt meg til litt sytid, sjølv om veiret er litt for fint til det.




I går laga eg desse små veskene. Dette er ei forminska utgåve av eit rosenett som eg har sydd tidlegare. Veskene kan brukast på begge sider, så her er det mulig å variere.



I dag er det blitt eit par forklekjolar. Desse er òg vendbare.



Ser at bilda ikkje er av dei beste, men for ein gong skuld skin det sol her...




1 kommentar:

Fru Keilegavlen sa...

Nydelege kjolar og vesker! Ja, ein må utnytte sola når den først er der. Her høljer det ned med regn og er kuling for tida, så ein må følge med mellom slaga for å ta bilete når det eit lite øyeblikk er opplett.