I går hadde eg meg ei kveldsøkt ved symaskina. Visste ikkje heilt kva eg skulle lage, men noko småtteri passa fint, så då blei det nokre smokkesnorer.
Dette er diverse dekorband som eg har lagt uttapå skråband. Trykknappar i endane slik at klypa og silikonringen kan takast av og snora kan få seg ein vask.
Etterkvart havnar dei nok på ei messe ein eller annan plass.
1 kommentar:
Kjempeflotte :)
Nett no skulle eg ønsje grandnevøen min brukar smokk.
Lukke til vidare :)
Legg inn en kommentar