fredag 27. april 2012

Siste sydag før messe

I dag har eg hatt fri, og dagen har blitt brukt til messeførebuingar. Eg hadde så mykje eg hadde lyst til å lage før laurdag, og dette var det eg rakk i dag; 2 t-skjorter, 4 bodyar, 8 huer og 15 siklesmekker. Fekk brukt opp litt smårestar, m.a. til smekker. 


Eg hadde prisa og pakka mykje på førehand, så no er det meste klart. 


Det har blitt ein del prislappar og feste på... Eg har brukt visittkort frå Vistaprint som prislappar, litt store men det gjer ikkje noko.


Så då får vi krysse fingrane for at det går bra i helga :-)




1 kommentar:

Elin sa...

Eg er mektig imponert over innsatsen! Fekk sjå aron med uglelua i dag, så fin og god. Lukke til med messa!