Eg er i live!
Det vart visst ei lita bloggtørke no i juni. Om sommaren er det mykje som skjer, og akkurat no har eg lite tid til hobby, som gjerne er hovudgreia her på bloggen.
Blant anna har vi vore i Bulgaria på ferie, det var ei veldig bra veke.
Vi har vore på hytta i Traudalen,
fiska litt....
Eg har tangert "persen min" med ein fin ein på 900 gram...
Eg har vore og sett på mange nyutdanna sjukepleiarar. Ho til venstre er niesa mi, ho i midten er dotra mi, og ho til høgre er ei veninne av dei. Kjekke, flinke, unge damer som vi ynskjer lukke til i arbeidslivet.
Vi har feira tradisjonell jonsok her i bygda
Og no bur vi opp i eit kaos av kvite skapskrog og rot, her skal det byggast nytt kjøken i sommar.
I tillegg står denne nyheita i sykroken min og ventar på at eg skal få tid til å setje meg inn i bruken av henne. Har såvidt prøvd litt, men tida strekk ikkje til...
Elles har eg strikka ein sokk på ein månad - mesteparten på ferieturen. Må vel strikke ein til ein gong. Tek litt tid på pinne nr 2,5.
I tillegg har eg og ei anna bestillt oss standplass på Sandane-dagane, så det må vel bli litt sytid innimellom, iallefall nokre dagar i ferien.
Kjem nok innom igjen med jamne eller ujamne mellomrom, ha ein fortsatt god sommar!
1 kommentar:
Velkommen heim, og grattis med ny maskin! Blir spennande å høyre erfaringane dine. (Grattis med nytt kjøken også....du ser kva fokus eg har ;)... )
Legg inn en kommentar