lørdag 15. juni 2013

Lang pause

Dette året har eg hatt lite tid og inspirasjon til å sysle med hobbyaktivitet. Mykje på jobb, konfirmasjon og at eg har prioritert andre ting har gjort at bloggen har lege meir eller mindre i dvale siste halvåret.

Med to veker til ferie, og ny jobb i sikte etterpå, satsar eg på at hobbyinteressa kjem snikande igjen. Innimellom har eg no hatt nokre prosjekt på gong, mellom anna bestemorteppe. Det blir nokre lappar innimellom, og sist eg talde var eg komt opp i over 70 stk. Men lappane er små, så her må mange fleire til.

For ei god stund sidan fekk eg bestilling på 15 siklesmekker med plastbelegg inni. At kunden seier det ikkje hastar er ikkje særleg bra, då blir det stadig litt utsetjing. Men i dag tidleg rydda eg sybordet, og fann ut at no måtte dette gjerast ferdig. Og etter ein god time var det gjort, så no ligg dei pakka og klare.

Det er helg, og etter ei føremiddagsøkt med husarbeid går turen til hytta. Gledar meg! God helg!



2 kommentarer:

Elin sa...

Må berre nytte høvet og takke for tida barnebarnet har vore i barnehagen din, du blir nok sakna der, men det er nok godt å skifte beite!
Ha ein god og kreativ sommar!

Leei sa...

Takk for det. Ja etter 13 år på same arbeidsplass føler eg at det skal bli kjekt å skifte litt miljø. Og ikkje minst få ei stilling der eg kan jobbe direkte med ungane, det er det eg likar best. Men kjem heilt klart til å sakne Rygg Bhg, barn og vaksne der, har no hjertet mitt der etter alle desse åra.