mandag 22. juli 2013

Feriestrikk - Selbuvottar

Eg er no inne i fjerde og siste ferieveka mi for denne gongen. Vi har farta litt rundt, til Sørlandet og til Kalvåg, og vi har prøvd både telt og hotell. Det har vorte nokre lange bilturar, og elles avslapping både ute og inne. Då er det viktig å ha strikketøy med seg, og helst ikkje altfor avansert. Litt mønsterstrikk blei det likevel, og med mønsterarket festa i luka til hanskerommet i bilen gjekk det strålande. 

Tre par Selbuvottar er det blitt, etter eit mønster eg fann på nettet for fleire år sidan. Det svarte paret er strikka i Østlandsgarn frå Nille, dei to para i lilla er i Pt2. 




På husfliden på Hemsedal kjøpte eg to lilla og eitt kvitt nøste med Pt2. Lurer jammen på om eg kan få eit lite vottepar av det som er igjen etter å ha strikka to vaksenpar? Mykje garn i kvart nøste var det iallfall. 



Det vart no besøkt nokre hobbybutikkar på turane, og nokre stoffbitar og garnnøste vart med heim. Det meste blir nok plassert i lageret inntil vidare, så får vi sjå kva eg kan få til etterkvart. 

For tida er det endeleg skikkeleg sommar her, til og med utan nordavind. Så desse dagane skal nytast i fulle drag, og etterkvart vert det nok og litt hytteliv. 

1 kommentar:

Anonym sa...

Så flittig du har vore og attpåtil strikka i bilen. Mvh Liv