mandag 12. september 2011

Nøstebarn jakke med rundfelling

Denne jakka var ganske enkel og relativt rask å strikke, 3-trådsgarnet er noko kjappare å strikke enn 2-tråds frå Askeladen. Eg hadde to buntar brunt og ein med turkis, og var noko skeptisk til om det var nok garn, men det heldt akkurat.




Størrelsen er 4 år, har eigentleg ikkje noko mottakar til denne - så den endar vel opp på julemessa. Evt. under eit juletre viss eg ikkje blir kvitt den då. Måtte berre prøve å strikke ei slik...(Denne er no så fin at mønsteret godt kunne vore i større størrelsar òg).
Mønster #1943 Jakke med rundfelling frå "Strikk til Nøstebarn"-boka. Originalgarnet, 3-tråds merinoull frå Askeladen, pinne nr 4.




søndag 4. september 2011

Labbar og sitjeunderlag

For tida er eg inne i ein periode då eg likar best kjappe enkle prosjekt. Slik som desse to tova sitjeunderlagar. På det smalstripete fekk eg brukt opp 5 single nøster med Cortina, fint å få vekk litt smårestar. Det breistripete er av Cortina Soft, eg turde ikkje å blande dei to garntypane, det har eg gjort før med dårleg resultat...






Oppskrifta: 80 masker - 5 nøste - pinne nr 7. Handtak over dei 20 midterste maskene når det nærmar seg slutten.





Og endeleg vart desse labbane ferdige - eg var komen til hæl nr 2, og så har dei blitt liggande i heile sommar. Strikka i Jarbo Raggi - pinne nr 4 1/2.


torsdag 1. september 2011

Hekla hue

Har ei stund planlagt å lage nokre hekla huer til hausten. Etter nokre surferunder etter heklahuer, har eg i dag klart å få til denne. Den vart nok litt vidare enn eg hadde tenkt, men så får eg ta den sjølv då, sidan eg er så tjukk i hovudet.


Eg greidde til og med å hekle ein blomst til å pynte med.



Garnet er kjøpt på sal for lenge sidan, Merino Silk frå Hjertegarn. Dobbel tråd - heklekrok nr. 5.

mandag 29. august 2011

Siste tidas strikkerier

I sommar har eg ikkje vore så flink til å oppdatere bloggen, men eg har no putla med litt handarbeid likevel. Siste vekene har eg laga denne ullbuksa, "bukse i ribb" frå eit av Sandnes sine tilbehør-hefter. Buksa er strikka i Rubin frå Spar-Kjøp.

Eitt par vottar, strikka etter mønster frå Raumagarn, 3-trådsstrikkegarn. Str 7-9 år.

I sommar kom det fyrste tvillingparet etter mine her i bygda, altså 5 år sidan sist det vart fødd tvillingar her. Denne gongen vart det gut og jente, og til dei laga eg dette. "Gros djevellue" og kvar sitt par lange sokkar som kan brettast opp eller ned etter behov. Garnet var babymerino frå Nille - eit garn eg syns er både mjukt og godt.




Ha ein fin kveld!

søndag 21. august 2011

Syhelg

Denne helga har det blitt nokre timar på syrommet. Det har blant anna blitt litt barnekle, og småtteri. Noko eg vart bra fornøgd med var desse posane. Fine til å oppbevare småting i, og kan brukast til gåve, ved å feks fylle dei med snop, frukt, såper etc. Trur det må bli nokre slike til julemessa seinare i år.




Idè og beskrivelse på korleis det skal gjerast har eg funne på denne bloggen.





Grunnen til at symaskina er blitt prioritert framfor strikketøyet denne helga, er m.a. denne. Ribbstrikka ullbukse i str. 4 år - litt småkjedeleg, det går ikkje akkurat fort, nei. Er no begynt på den andre foten, så her må eg ta meg saman litt for å få fullført.




God søndagskveld - og ha ei fin hobbyveke!


torsdag 18. august 2011

Forklekjolar

I ferien var vi innom eit par Pandurobutikkar. Småjentene var med, og i ein av butikkane fann Nora eit stoff som ho svært gjerne ville ha ein kjole i. Stoffet var på salg, så det blei eit par meter med heim.








Men kva slags kjole, skal tru. Etter ei lita runde på nettet fann eg beskrivelse på desse forklekjolane. Dette såg no greit ut tenkte eg. Optimistisk klipte eg og sydde saman to kjolar før eg prøvde noko på.



Men kanskje valde eg ein litt vid fasong? Her er iallefall god plass til at dei kan ete meir enn dei gjer pr. i dag. Jentene var uansett fornøgde. Tanken er at dei kan ha desse som kvardagskjolar over ullundertøy i barnehagen utover hausten og vinteren.




Det rosa stoffet med jenter på er frå Panduro, dei andre frå Stoff og stil.




Ikkje svært samarbeidsvillige modellar i dag, så innsida på den eine kjolen vert utan jente inni.


















mandag 15. august 2011

Ferien er over...

...og kvardagen er i gong igjen. Vi har vore på to campingturar til Trøndelag og Sverige, vore heime og vaska kle, på hytta og fiska og gått turar der, og småjentene og far har samla poeng til fjelltrimmen. 4 late, deilige veker.


Litt hobbies er det òg blitt tid til, sjølv om det kanskje ikkje har vore 1. prioritet. På camping vert det gjerne litt strikketid, og då passar det med enkel strikk der ein ikkje treng å tenkje allverden mykje. Som desse klutane:


Dei heiter "Husmor Marias kopptue", og oppskrifta finn du her.
På bilturen til og frå Sverige heldt eg på med desse sitjeunderlaga.
80 masker, 5 nøster Cortina.


Desse er tova ein gong på vanlig 40 graders program. Vurderer om eg skal gje dei ein omgang til, kunne tenkt meg å hatt dei litt mindre og litt fastare i fisken, men er redd for at det blir for mykje. Skal tru kor store slike eigentleg skal vere?