torsdag 12. april 2012

Lenge sidan sist..


Då er det ei stund sidan sist blogginlegg, så no får det bli eit oppsamlingsinnlegg.
Det blir for tida litt masseproduksjon av småting til Bygdenæringsdagane i Stardalen, der eg dristar meg til å ha ein stand.


Nokre fleire klemmepungar i friske fargar og motiv

Siklesmekker...
Eit hiv med nye huer...
Og nokre bukser til bodyar eg har sydd før. Tenkte eg skulle selge desse som sett.
Og så har eg strikka litt igjen...

Dette er nonstoptrøya - med mønster frå Ravelry. Strikka med tjukkare pinnar og garn enn oppskrifta seier, så den er lun og god. (Jade - pinne nr 4)
Eg vart ferdeig med denne på eit møte i går, og alle trudde det var ein kjole, sikkert pga den var så lang og smal. Men den er veldig elastisk, så den er heilt fin som trøye til ein 3-5 åring. Fin t.d som vest utanpå ei ulltrøye eller pologensar.
Her er eit eksemplar til, denne er større. Ca str 7-10 år.
Strikka i mjukt Alpakkagarn frå Sandnes, pinne nr 4.
Alt dette er for salg, men eg legg det ikkje ut på Epla-butikken min før etter messa, når eg ser kva som vert selt der. Om det er nokon som ynskjer seg noko av dette, er det berre å seie frå.

mandag 26. mars 2012

T-skjorter

Nokre t-skjorter i tøff monstertruck-jersey frå Sydilla. Armane er av einsfarga jersey frå Tiljamiid. Alle er i str 110, eit svært tilpassa mønster frå Ottobre.

søndag 25. mars 2012

Sy-søndag

Då har eg hatt meg ein lang dag med symaskinene, og fått klart noko meir til messekassene.

4 nye huer, desse ligg òg i Epla-butikken min. Begge stoffa frå Tiljamiid.

5 nye bodyar i litt ulike størrelsar. Stoff frå Tiljamiid og Fabelblå.

Gåve til tantebarnet

For nokre dagar sidan sydde eg dette settet til tantebarnet vårt som er blitt 4 år. Bukse, tunika og panneband.

Feer frå Sydilla, chenille og ribb frå Stoff og stil. Eigne mønster.

torsdag 22. mars 2012

Panneband-produksjon


No når veiret forhåpentlegvis blir mildare, blir det fint for ungane å få gå med panneband i staden for hue. I dag har eg hatt fri, og det blei nokre panneband til mine eigne ungar, samt ein del til neste messe. Av ting eg har hatt for sal tidlegare, har desse monstertruck-stoffa selt veldig bra, så no prøver vi med panneband. Nokre fear vert òg med på messe i slutten av april.

torsdag 15. mars 2012

Klemmepungar

Driv framleis og ladar opp til messe, og i dag blei det nokre klemmepungar i glade mønster/fargar.

Litt vanskeleg å sjå fargane skikkeleg sidan bildet faktisk er teke ute i sola. Stoff frå Tilda og diverse lappeteknikkstoff.

Innskriving på skulen

Då er snart ein epoke over, og ein ny tek til. Dei to yngste våre er no innskrivne på skulen, veldig spente og klare som egg.

Stas med skulebok og blyant, bolle og saft.

Kristina
Nora