onsdag 28. april 2010

Mariusgensar med rundfelling

For eit par-tre månader sidan skulle eg strikke ein slik gensar til tanteungen min. Eg begynte då på denne i str small, men eg tykte den såg stor ut. Difor la eg den til sides og begynte på ein ny til henne.



No har eg endeleg fullført denne, som eg frykta kom til å bli liggande ei stund. Garnet er Rubin frå Sparkjøp, pinne nr 3 og 3 1/2. Mønster frå Sandnes. På den gensaren eg strikka tidlegare, bytta eg perlestrikk-brotet med vanleg vrangbord, og eg må seie at eg var meir fornøgd med det. Her er det imidlertid perlestrikk som det står i oppskrifta. Litt pressing, så vert det kanskje penare, men så langt er eg ikkje komen endå.



Denne gensaren har ikkje mottakar, så eg tenkjer å prøve å få selt den på julemesse eller noko slikt. Kva kan eg ta for ein slik gensar? Tippar garnkostnadene er på nærmare 200 kr.

torsdag 15. april 2010

Selbuvottar

Etter forrige prosjekt begynte eg like godt rett på neste par selbuvottar. Også dette frå Rauma sitt hefte "Selbustrikk." Denne gongen mønster nr 8, damevott. Eit greit mønster å strikke etter, med åttebladsrose.


Garnet er Rauma finull, pinne nr 2.

tirsdag 13. april 2010

Gåve til ein kollega

Ein kollega av meg fyller 60 år i dag, og i påska har eg laga gåve til henne. Ho fekk eit par med Selbuvottar og eit tova sitjeunderlag.


Sitjeunderlaget er strikka i Mor Aase, la opp 60 masker med dobbel tråd på pinne nr 10, strikka opp 5 nøste. Tova fleire gongar i maskin, til det fekk høveleg størrelse.


Mønsteret til vottane er henta frå heftet Selbustrikk, utgjeve av Rauma ullvarefabrikk. Vottane er strikka i Rauma finullgarn på pinne nr 2.

torsdag 1. april 2010

Mariustunika

Eg strikka ein slik tunika til eit tantebarn for ei stund sidan, og vart så nøgd at eg ville ha slike til mine eigne småjenter òg. Så eg handla inn garn i mørk grå, kvit og cerise-rosa og sette i gong. Men når eg seier det er til jentungane, seier dei berre at den er stygg og dei ikkje vil ha grå klede. (Her er det rosa og lilla for alle pengane.)

Så då får vi sjå om dei ombestemmer seg og eg må lage ein til, eller om den går i messe-/gåvekassa.




Mønsteret er frå Sandnes, garnet er Silja, pinne nr 3. Mønsterfargen er meir rosa enn den ser ut, på bildet ser den no nesten raud ut.

God påske!

Ynskjer alle ei god påske! Her er det Kristina som pyntar til helga.






søndag 28. mars 2010

Grøne blåbærvaflesokkar

Med på Praha-turen hadde eg eit lite strikketøy, nemleg desse sokkane. Vart ikkje mykje strikking, stort sett berre i vente-økter på flyplassen, på flyet og på bilturen heim. Resten har eg fått unna i dag medan vaskemaskina har gått.

Sokkane er strikka i Perfect frå Sandnes, mjukt og godt garn å strikke med. Pinne nr 3,5.

Praha-tur

Som gåve til min straks 40-årige mann, har eg ei god stund planlagt ein tur til Praha i lag med eit anna par der mannen òg fyllte 40. Billettar vart bestillte i haust, men jubilantane skulle få dette som ei overrasking, så dei visste ikkje noko før like før avreise. Vi stod opp midt på natta og reiste frå sludd og pøsregn. Då vi flaug innover Praha var det ikkje ein snøflekk å sjå, og sola skein. Temperaturen var òg fin, så vi kunne gå i T-skjorter på dagtid. Nokre bilder frå turen må de òg få sjå.
Venceslas Square. Her var det tettpakka med folk under lausrivinga frå kommunismen i 1989.

Utsyn frå the Powder Tower som vi var oppe i. Her ser vi bortover gata der vi budde, i retning Old Town Square.

Utsyn frå høgdedraget der palasset ligg.

Charles bridge.

Den berømte astronomiske klokka. Denne kan du lese meir om her.

Kveldsbilde mot palasset.

Noko som facinerte meg var desse sjokoladebutikkane. Fantastisk mykje flott og godt.





Ein av dagane var vi med på ei utflukt til Kutna Hora, ein gruvelandsby eit stykke utanfor Praha. Kjekt å sjå litt utanfor dei typiske turistplassane. Her var vi inne i the Bone Church, ei kyrkje dekorert med beinrestar frå 40 000 menneske som strauk med under svartedauden. På den tid var det gravplassar over alt, og restane skulle ryddast vekk når dei skulle dyrke jorda. Så vart dei til dekorasjonar i denne kyrkja. Noko uhyggeleg tykte eg, men facinerande.




Her er frå ei anna utflukt vi var på, ein 6-timers guida tur gjennom byen. Innkludert ein båttur på elva som renn gjennom byen.

God mat var òg viktig å prøve. Her er desserten min ein av dagane, creme bruilee. Nam!

Kjøpesenter måtte vi òg innom. Mannfolka var mindre begeistra, men der var jo pubar overalt. Når der i tillegg var fine damer som gav dei handvask og smørjing med handkrem, var alt topp.


Her er inngangen til hotellet vårt. Hotellet hadde det meste, sentralt, billig og bra. God frukost òg, så dette kan anbefalast.

Kjekt å vere på tur, men veldig kjekt å kome heimatt òg. Flott med støtteapparat heime som har teke seg av hus og ungar medan vi har vore vekke.