Eg har ei stund hatt nokre tova tøfler og vinvesker liggande som venta på å bli heilt ferdige. Litt pynt gjer seg, og for det meste er det tova ull som er klipt ut og sydd perler på. Vinveskene er strikka i Østlandgarn, bortsett frå den grøne som er i Mor Aase.
Tøflene er strikka i Cortina.
Og endeleg er herreraggane ferdige. Blir nok å finne på julemessa, og om ikkje nokon der ser seg bruk i dei blir det vel ein åregevinst ein gong...
1 kommentar:
Så fine ting du har strikka!
Legg inn en kommentar