søndag 31. januar 2010

Bursdagsfeiring

Då har vi tjuvstarta litt, og feirar tvillingane sin 4-årsdag eit par dagar på forskudd. Jentene har vore ivrige og gleda seg i mange dagar, og når kakene skulle bakast var dei veldig hjelpsomme. Jentene er i ein alder då Hello Kitty er det heilt store, så vi måtte no prøve å få til litt Hello Kitty pynt. Resultatet ser de her - Nora si oreokake med rosafarga krem, og Kristina si marsipankake med ein liten Hello Kitty.


Muffins med rosa glasur og blomsterpynt.
Her skal vi til å blåse ut lysa på kakene.

Feiringa gjekk fint med 29 personar innom dørene, pizza og salat, og kaker, muffins og gele til alle. Jentene fekk mykje fint, og var storfornøgde med feiringa. Tysdag som er 4-årsdagen på ordentleg, har vi invitert barnehagen heim til oss, så då blir det barneselskap og meir feiring.

4 kommentarer:

Snuppesnella sa...

Så flotte kaker ! Fin og koselig blogg du har. Mange flotte strikkeplagg ! Med 5 barn har du nok mykje å stå i med. ;)

smarie sa...

Få fine kaker...takk for ideen ;o)) Har ei som blir 4 til sommeren, og Hello Kitty er jo favoritten. Så hyggelig dere har hatt det...ha en fin dag på tirsdag også ;o)

hali/Lina sa...

Kjempefine jenter og lekre kaker!
Gratulerer med 2* 4 åringer.

Hilsen Hali

Anonym sa...

Flotte kaker! Men, du....skulle ikkje du strikka Hello kitty pulsvarmarar til snuppene dine? Dei hadde heilt sikkert falt i god smak.