onsdag 6. januar 2010

Ei hue og eit Baktusskjerf


Nok ei hue har sett dagens lys her på Kukkelen, denne er òg til tanteungen min, som ikkje kunne bestemme seg om ho skulle ha grå eller svart. "Ja takk, begge deler", det gjekk fint. Kjappe og greie å strikke, på pinne nr 6 og 10. Garn til overs vart det òg, so no spekulera eg i kva slags hue sonen hennar skal få...
No etter nyttår har eg strikka på mitt fyrste Baktusskjerf. Det er i Sisu fantasy på pinne nr 4. Eg hadde tre nøster, og trudde det skulle bli rikeleg garn, men så ville eg ha eit stort skjerf. Eg drygde difor litt lenge før eg begynte å felle, så det vart faktisk for lite garn. Eg vart difor gledeleg overraska over at den lokale garnbutikken hadde rett garn i rett farge, så fekk eg fullføre prosjektet. Har òg hekla ein kant rundt for å gjere det litt finare.
Dette trur eg rett og slett at eg skal ha sjølv, har verkeleg fått sansen for sjal/skjerf i desse kalde tider.

Angånde kulde - på termometeret vårt vart det målt -15,4 sist natt, så det er noko kaldt. Nett no er det "berre" -13,5, men det kan vel vere at det vert kjølegare i natt. Her i huset har vi bra med ved, så vi matar dei to vedomnane våre godt no om dagen.

Ha ein fin kveld!

2 kommentarer:

Hanne sa...

Nydelig garn i flotte farger du har strikket baktusen din i. Jeg gjorde ferdig et baktus sjal i kveld jeg også, men det ble ikke så fancy som ditt. Jeg får trøste meg med at det holder meg varm.

smarie sa...

Kjempeflott farge på baktusen du har strikket ;o) Og flott lue var det også ;o) Ha en flott dag !