torsdag 1. april 2010

Mariustunika

Eg strikka ein slik tunika til eit tantebarn for ei stund sidan, og vart så nøgd at eg ville ha slike til mine eigne småjenter òg. Så eg handla inn garn i mørk grå, kvit og cerise-rosa og sette i gong. Men når eg seier det er til jentungane, seier dei berre at den er stygg og dei ikkje vil ha grå klede. (Her er det rosa og lilla for alle pengane.)

Så då får vi sjå om dei ombestemmer seg og eg må lage ein til, eller om den går i messe-/gåvekassa.




Mønsteret er frå Sandnes, garnet er Silja, pinne nr 3. Mønsterfargen er meir rosa enn den ser ut, på bildet ser den no nesten raud ut.

4 kommentarer:

sipusa sa...

Nei det skal ikke være enkelt;-)

Hanne sa...

Bestemte frøkener du har, merkelig at de ikke vil ha noe så lekkert også.

Ruth sa...

Den var jo kjempefin! :)

Anonym sa...

Kan ikkje du strikke ein rosa variant til dei då? Kjenner eg deg rett, finn du nok noko lurt å strikke av det garnet du allereie har handla inn :)